Trygve på veggen

Vandreutstillingen om Trygve Bjørgo åpner på Valdres folkemusum 9. oktober

Pressemelding

Sundag 9. oktober opnar utstillinga i samband med eit større markering for Trygve Bjørgo på Valdres Folkemuseum.
Forfattaren og skulemannen Trygve Bjørgo har vorte minna og feira med songkveld, konsert og kulturhistorisk vandring. No er også ei vandreutstilling om Valdres-skalden snart på plass.

Trygve Bjørgo – ein skald, heiter utstillinga og fortel historia om forfattaren, lyrikaren, skule-mannen og målmannen Trygve Bjørgo, som levde frå 1916 til 1997. Utstillinga opnar sundag 9. oktober i samband med jubileumsmarkeringa for Bjørgo på Valdres Folkemuseum, og skal sidan på turne til bibliotek og institusjonar i Valdres.

Utstilling Valdres Folkemuseum Trygve Bjørgo Knut og Ole Aastad Bråten

Forfattaren

– Forfattarskapen til Trygve Bjørgo er ukjent for mange unge i dag. Vi har alle eit ansvar for å formidle og vidareføre arven etter lokale forfattarar og kulturberarar til nye generasjonar, seier Knut Aastad Bråten, ein av initiativtakarane til jubileumsmarkeringa.

Som lyrikar nådde Trygve Bjørgo mange, fordi dikta ofte var både djupe og jordnære på same tid. Som skulemann var han med sitt kultur- og samfunnsengasjement, med på å prege fleire generasjonar av unge valdrisar, som gjekk på Valdres gymnas på 1960- og 1970-talet, og han gjorde skulen til eit kulturelt møtepunkt. I utstillinga er dette perspektivet særleg vektlagt. Forfattar Olav Norheim har skrive ein nær og personleg tekst om Trygve Bjørgo. Bjørg Gullbekk Bjørgo, enka etter Trygve, har bidrege med eigne minne og fleire foto. Liv Rygh har stått for design og grafisk formgjeving.

Livet

Trygve Bjørgo var yngstemann i ein syskenflokk på ti og vaks opp på garden Nørre Bjørgo på Sørskogen saman med syskena og foreldra Karen og Jul. Interessa for natur og kultur kom til å forme åndsmennesket Trygve, og gjorde sitt til at han engasjerte seg i skulesak, målsak, idrett, folkemusikk, lyrikk og litteratur. «Eg kan vel seie at grunntonen i meg har eg fått frå fjellet og samværet med mor der», sa Trygve sjølv.

Trygve Bjørgo gav i alt ut sju diktsamlingar, og han fekk med dikt i ei lang rekke antologiar. Dei sju diktsamlingane er I minneskogen (1952), Mørker og morgon (1954), Vokstergrunn (1961), Frø i vind (1968), Kvit hest under hegg (1972), Auke åkeren (1979) og Straumar under yta (1986). Bjørgo var òg bokmeldar i avisa Dagningen og skreiv ei mengd artiklar i aviser og tidsskrift, og han hadde fleire program i NRK. Han var òg redaktør for bandet Valdresidrett, eit tobinds bokverk om idretten i Valdres, som kom ut i serien Valdres Bygdebok i 1992.

Trygve Bjørgo Valdres folkemuseum

I jubileumskomiteen sit representantar frå Valdresmusea, Syn og Segn og Nord-Aurdal Mållag. Utstillinga har vorte til med støtte frå Oppland fylkeskommune og Valdres Mållag. Sundag 9. oktober opnar utstillinga i samband med eit større markering for Trygve Bjørgo på Valdres Folkemuseum.


Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

1 × 4 =