Skarke 2016 -Tida før jul blir kalla skarke i Valdres.

Skarke Valdres folkemuseum

 

Tida før jul blir kalla skarke i Valdres. Då førebur vi oss til jul med bakst og rundvask. På Valdres Folkemuseum tenner vi fjøslyktene, koker kaffi og steller i stand til god, gamaldags førjulstid. I år gjer vi det for 22. år på rad, alltid første sundag i desember.

 

Aktivitetar born og vaksne kan væra med på

·         Kanefart i friluftsmuseet, høyr lyden av dombjeller!

·         Bli med å støype lys, lage julepynt, papirstjerner, peparkaker og sopelime

·         Sjå demonstrasjon av lefsebakst, trearbeid og dei nesten gløymte teknikkane firfletting og filering

·         I Flatigardsbygningen blir det juleforteljingar og folkemusikk. Det blir også høve til å bli med i dansen.

·         Opplev tradisjonsrik basar v/Vennelaget for Valdres Folkemuseum, festsalen kl. 15.

·         Opne utstillingar: Trygve Bjørgo (1916-1997), Er det mulig – ei utstilling om funksjonshemming, ski og snø, Langeleiken – heile Noregs instrument, «Dokkestogo» med Tordis Røines livsverk, Ringer i jern og Bunad- og folkekunstutstillinga.

·         Munkekroen serverer julemat og anna

 

Sal av lokale mat- og handverksprodukt

I år blir det sal av julebakst, fjellgris, rakfisk, vilt, sylte, kurv, ost, lefse, sylv, keramikk, trearbeid, skinnarbeid, fugleband og mykje anna. Fleire lokale mat- og handverksprodusentar sel frå gapahukar ute på tunet og i nokre av dei gamle husa. Her kan ein kjøpe mat til julebord og gåver under treet. Dei lokale handverks- og matprodusentane er mellom anna Fjellgris, Strandmo stølsysteri, Noraker gard, Små vesen, Moahaugen gard, Rein Valdresmat, Nørrestogo Skigard og mikroysteri, keramiker Britt Jorun Bakken, Dreide treprodukter og Høvda sylv og tre.

Godt samarbeid

Lokale handverks- og matprodusentar, Vennelaget for Valdres Folkemuseum, Valdresmuseas eigne tilsette og fleire titalls frivillige er med å skape Skarke på museet. Vil du vere med å bidra neste år, ber Valdresmusea om at du tar kontakt!

 

Velkommen til årets Skarke, på Valdres Folkemuseum sundag 4. desember 2016 kl. 12-16! Kom gjerne innom i forkant av arrangementet og vi kan fortelja og vise rundt.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

14 + 17 =