FolkemusikkValdres møtast til tevling 6.mai

FolkemusikkValdres møtast til tevling 6.mai

 

Laurdag 6. mai blir Valdreskappleiken 2017 arrangert på Skrautvål grendehus i Nord-Aurdal.

Kappleiken er ei tevling i folkemusikk- og dans, og runddans/runddansmusikk.

Håkon Håvelsrud Odden å bildet over:

 

Kappleiken samlar folkemusikkutøvarar i alle aldrar, frå heile Valdres, og er ein viktig møteplass for alle som likar musikk og dans. Utøvarar frå andre distrikt er også velkomne til å delta på Valdreskappleiken.

 

Klassevinnarane frå kappleiken møtast til ein finalekonsert der dommarane har i oppgåve å finne den eller dei som totalt sett har den beste framføringa.

På kveldstid er det dans for alle, der dei fremste utøvarane frå Valdres spelar til dans.

Årets runddans/gamaldanspar skal også kårast under dansefesten. Kåringa er open for alle runddansglade utan førehandspåmelding.

 

Ådne Kolbjørnshus og Vetle Springard kjem med konserten ‘Døgeniktenes debatt’.

 

Etter kåringa held dansen fram, med spel frå framifrå spelemenn på hardingfele og torader.

 

 

Deltakarane blir delte inn tre klassar; rekruttar (under 12 år), juniorar (12- 18 år) og seniorar.

Ein tevlar i eldre folkemusikkinstrument (langeleik, munnharpe, fløyter, lur, bukkehorn), spel (hardingfele og vanleg fele), samspel/gruppe, torader/ trekkspel, vokal, open klasse og dans (springar/springleik, gangar/bonde, laus/halling, lagdans og runddans).

 

På Valdreskappleiken blir det tevla om mange flotte premiar. Klassevinnarane får napp i gjæve vandrepremiar. Alle rekruttar og juniorar får deltakarpremie. Og dei som blir plukka ut til finalekonserten tevlar om pengepremiar gjeve av lokale bedrifter.

 

—————————————————————————————————————–

 

Fotograf i filnamnet/FolkOrg

 

Kappleik kl 10.30-17.00

Konsert Døgeniktenes debatt kl 18.00

Finalekonsert og premieutdeling kl 19.00

Dans 20.00

 

Kappleikleiar Unni Myrheim Roos,

Tevlingsleiar Jonny Rye,

 

Meir informasjon: www.valdresfolkemusikklag.no

 

Meir informasjon og resultatlister: https://www.facebook.com/groups/70109987155/

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

1 × 1 =