Norges minst tabloide festival

Norges minst tabloide festival
Del:Facebooktwittergoogle_plusredditpinterestlinkedinmailFacebooktwittergoogle_plusredditpinterestlinkedinmail
Jørn Hilme-stemnet / Fagernes i Valdres / 30. juli til 6. august
Ein sommarkveld på Jørn Hilme-stemnet er det aller beste møtet med folkemusikkmagien.

Jørn Hilme-stemnet er ein av dei eldste folkemusikkfestivalane i landet, etablert så tidleg som i 1960. Til festivalen kjem dei aller fremste folkemusikarane i landet, ukjente for mange, men høgt anerkjende innan sine instrumentsjangrar og i det norske folkemusikkmiljøet.

Festivalen blir arrangert på Valdres Folkemuseum på Fagernes, og har alt frå kappleik og kurs til dans og konsertar. I dagane før festivalen blir Strunkeveko arrangert, som er det største folkemusikkurset i landet for born og unge.

Jørn Hilme-stemnet er dansefestivalen framfor nokon. På Valdres Folkemuseum kan du vandre frå hus til hus og oppleve gamaldans og bygdedans frå ulike distrikt. I lyset frå flakkande stearinlys kan du høyre landets beste spelekvinner og -menn.

På Jørn Hilme-stemnet får du:

• Mange unike og akustiske konsertar med intim atmosfære
• Nære møte med landets fremste folkemusikarar, unge og godt vaksne
• Konsertar med all slags folkemusikk, særleg eksperimentell og nyskapande folkemusikk, og musikk på dei eldste instrumenta, som til dømes langeleik, munnharpe og bukkehorn
• Kurs i dans og spel. Ynskjer du å bli ein racer på langeleik? Vil du lære pols? Kursa er for alle – med og utan erfaring

Nokre av sommarens finaste høgdepunkt:

• Bestillingsverket Reolô med spelemannprisvinnar Anders Røine, saman med musikarane Hans Hulbækmo, Hans og Rasmus Kjorstad. På vegen til Valdres streifar Reolô innom både Vest-Afrika og India. Reolô er i samarbeid med Ultimafestivalen.
• Festkonsert med to av dei ypparste folkemusikarane i landet: Plateaktuelle Marit Karlberg og Anders E. Røine i den kjende folkemusikkduoen Sudan Dudan.
• Kappleiken under Jørn Hilme-stemnet har lange tradisjonar, og blir rekna som ein av dei største i landet. Dei tre beste utøvarane kjem til finalen, der vinnaren blir lønt med 10 000 kr!
• Langeleiken er eit unikt instrument i Noreg. På Jørn Hilme-stemnet blir det fleire konsertar med langeleiken i sentrum, mellom anna med Ingebjørg, Gunvor og Oddrun Hegge – som tek oss med inn i ein fleire hundre år lang familietradisjon, og med Marit Steinsrud og Stein Villa – som koplar langeleiken til andre, eldre folkemusikkinstrument.

Fullstendig program og meir informasjon om festivalen finn du på www.hilme.no, eller sjekk vedlagt PDF.

Ta gjerne kontakt med festivalen her:

Jørn Hilme–stemnet
Tyinvegen 27
2900 Fagernes
www.hilme.no

Ellen Persvold
post@hilme.no


Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

16 − 5 =