Hilme hyllar Vinje. -Tvisynets meister

Hilme hyllar Vinje. -Tvisynets meister

 

I år er det 200 år sidan tvisynets meister Aasmund Olavsson Vinje blei fødd. Jørn Hilme-stemnet heidrar lyrikaren, samfunnsdebattanten og humoristen Vinje med konsert med Aasmund Nordstoga.

 

-Dikta hans er av ein eineståande karakter, og er like aktuelle i dag som då dei vart skrivne, seier Aasmund Nordstoga.
Aasmund O. Vinje var frå Telemark, og det er også namnebror Aasmund Nordstoga. Til sommaren kjem Nordstoga med bandet sitt og konserten «Guten» til Aurdal kirke. Tekstane presenterer Vinje både som lyrikar, samfunnsdebattant og humorist med tonar og arrangement av Odd Nordstoga og Edvard Grieg.
-Edvard Grieg tonesette mange av Vinjes dikt og dei er kjende som Griegs fremste romansar, seier Nordstoga. Min intensjon er å pakke dikta inn i viseformatet slik at teksten kjem tydelegare fram enn i romansetradisjonen, og slik at Vinjes tekstar framstår meir moderne. Edvard Grieg tok Aasmund Olavsson Vinje ut til all verdas operahus. Min intensjon er å ta han heim att til Plassen i Vinje, seier Nordstoga.
Aasmund Nordstoga har dei siste åra gjort seg kjend som ein av landets fremste formidlarar av viser og tradisjonsmusikk i ei folkemusikalsk tonedrakt. Han har gitt ut fire cd-ar, vore nominert til Spellemannspris og har gjennomført uttallige konsertar rundt om i heile landet. Aasmund driv også heimgarden Plassen i Vinje som mjølkebonde i kombinasjon med artistverksemda.
At Vinje var sterkt knytt til Valdres er det ingen tvil om. Han namnsette Jotunheimen og hevda at sjela hans skulle til Valdres når han døydde. ”So vil eg sitja der paa Falketind og sjaa utyver Norig, og Fjellradirne skal stiga fram.”

 

Jørn Hilme-stemnet:
Festivalen er frå 8. juli til 13. juli, og er landets nest eldste festival
Festivalen blir arrangert i Fagernes i vakre Valdres
Jørn Hilme-stemnet har halde på sidan 1960
Oppattkalla etter spelemannen Jørn Hilme (1778-1854)
Kombinasjon av kappleik, konsertar, kurs og dans
Ikring 70 arrangement under festivalen

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

three × 1 =