Amfiet-Pressemelding 27.09.18
Laurdag 1.september fekk Øystre Slidre kommune overrekt ein sjekk frå Sparebankstiftelsen i Øystre Slidre. Den var på 400 000kr til amfiet ved Ungdomens kulturhus Gapahuken på Tingvang. Onsdag denne veka vart amfiet ferdigstilt.
Amfiet inngår i Tingvang kulturarena, og er bygd i stein med om lag 300 sitteplassar. Amfiet vil bli brukt til konsertar og i andre kulturelle samanhengar, i kombinasjon med mobilscene eller støypt scenedekke på bakkenivå. Det øvrige uteområdet kring Gapahuken vil bli ferdigstilt våren/sumaren 2019.

Kommunen ynskjer på vegner av innbyggjarane å takke Sparebankstiftelsen i Øystre Slidre for stønaden, som vart gjeve som ei gåve til bygdefoket i samband med banken sitt 150årsjubileum. Me vil óg takke Fagernes Anlegg for ein raskt og godt utført jobb. Amfiet er teikna av Hans Kristian Syversen.