Den magiske hemmelegheita

Forfatter Kirsten Onstad, den magiske hemmelegheita foto Bjørn Karsrud

Barnebok-debutant!

Kirsten Onstad frå Leira, busett på Tonsåsen, kjem i desse dagar med den fyrste boka si: ei barnebok med tittelen Den magiske hemmelegheita.

Magi fører hovudpersonane i boka, Elise og Olai, attende i tid, der dei møter ungdommar på sin eigen alder. Gjennom opplevingane til dei to ungdommane frå vår tid fortel Kirsten Onstad korleis det var å vera ung i Valdres for femti og hundre og år sidan – og endå lenger attende. Desse møta blir også viktige for Elise og forholdet ho har til mora.

Den magiske hemmelegheita er ei barnebok, men er samtidig ei bok for menneske i alle aldrar. Med livserfaring frå arbeid med menneske i ulike livsfasar har Kirsten Onstad den menneskekunnskapen som gjer henne skikka til å forstå og framstille både barn og vaksne. Sjølv om dette er den fyrste boka hennar, har ho skrive og dikta all sin dag. I 1996 vann ho konkurransen til avisa Valdres om den beste rakfisksongen.
Illustrasjonane i boka er laga av Håkon Aasnes. Han er mest kjend for å ha laga tekst og teikning til Stomperud, Smørbukk og Annika gjennom fleire tiår.
Boka kjem ut på Kvitvella Forlag og er til sals i lokale bokhandlar Valdres og direkte frå forlaget. Det er Nord-Aurdal Mållag som eig og driv Kvitvella Forlag.

Tekst: Pressemelding

Foto: Bjørn Karsrud

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

5 + 17 =