SKARKE – førjulsarrangement på Valdres Folkemuseum sundag 2. desember kl. 12-16

SKARKE – førjulsarrangement på Valdres Folkemuseum sundag 2. desember kl. 12-16

 

Tida før jul blir kalla skarke i Valdres. Då førebur vi oss til jul med bakst og rundvask. På Valdres Folkemuseum tenner vi fjøslyktene, koker kaffi og steller i stand til god, gamaldags førjulstid. I år gjer vi det for 24. år på rad, alltid første sundag i desember.

 

Årets aktivitetar

Det er kjent frå folketradisjonen at ein skulle spara både på mat og klede i tida før jul, men ein slik tankegang er nok fjern for folk flest i overflodssamfunnet vårt her til lands. Ved Valdresmusea er vi opptekne av å legge til rette for møte mellom generasjonar. Vi vil vere ein møteplass for minne, der folk kan dele og søke kunnskap.

På skarka kan du sjå koking av einerlåg, smiing, demonstrasjon av lefsebakst, trearbeid og dei nesten gløymte teknikkane firfletting og filering. Du kan og sjå nokre av dei gamle julepynta kristneteppa frå museumssamlinga. Barn i alle aldrar kan støype lys, lage julepynt, papirstjerner, peparkaker og sopelime. Det blir også forteljingar, kanefart og lyd av dombjeller. Den tradisjonsrike vennelagsbasaren blir arrangert i festsalen kl. 15.00. Munkekroen er open heile dagen.

 

Sal av lokale mat- og handverksprodukt   

I år blir det sal av julebakst, vilt, rakfisk, sylte, kurv, ost, drops, honning, såpe, keramikk, treak, fugleband, bøker, musikk og arbeid av halm, jarn, tre, tekstil og sylv. Fleire lokale mat- og handverksprodusentar sel frå gapahukar ute på tunet og i nokre av dei gamle husa, og museumsbutikken er sjølvsagt open. Her skulle det vere store moglegheiter for å kjøpe mat til juleselskapa og gåver under treet.

 

Godt samarbeid

Lokale handverks- og matprodusentar, Vennelaget for Valdres Folkemuseum, Valdresmuseas eigne tilsette og fleire titalls frivillige er med å skape Skarke på museet. Vil du vere med å bidra neste år, ber Valdresmusea om at du tar kontakt!

Velkommen til Valdres Folkemuseum 2. desember 2016 kl. 12.00-16.00!

 

Faktaboks:

·         Tida før jul vart kalla skarke i Valdres. Då føre­budde ein seg til jul

·         Skarke betyr fattigsleg tilvere, ein tid då ein har det knapt og trongt, som i dagane før jul – i motsetnad til sjølve jula

·         I fjor besøkte 700 museet under skarka

·         Alltid første sundag i desember.

SKARKE Fotograf: Anne Marte Før

Tekst. Pressemelding

Foto. Fotograf: Anne Marte Før

 

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

twelve − 1 =