Det vakraste frå Valdres. -Eventyr om spelemann frå Vang

Det vakraste frå Valdres. -Eventyr om spelemann frå Vang

5. juledag er sendinga frå Dørve gamle skule i Skrautvål. Reidun Borgny Dølehuset fortel fritt frå Andris Eivindsson Vang (1795-1877)  si bok.
Sendinga er produsert med støtte frå Valdres mållag og ValdresBil

Er du fastbuande, tilreisande, utflytt eller berre litt nysgjerrig på Valdres? Frå julaftan og utover i romjula handlar det om valdresdialekten, nynorsk og tradisjonsrik forteljarkunst i programma her på nettavisa Langsveien.no.

Alle dei 7 innslag i desember 2018 under fana “Det vakraste frå Valdres” her

Biletet over: Forteljarstund i Døvre gamle skule i Skrautvål.  Fra venstre: Anny Myrland, Rigmor Orderdalen Tveit, Håkon Bakkene, Reidun Borgny Dølehuset, Guro Engen og Kari M. Skrautvol. Foto: Roy Myrland/www.langsveien.no

Med støtte frå, og saman med, Valdres mållag blir det publisert eit program kvar dag frå julaftan klokka 19.00 til og med vesle nyttårsaftan. Valdres Bil AS har også bidrege til produksjonane.

Om programma

Fem av sendingane er eventyr/historier fortalt av Reidun Borgny Dølehuset. Hennar solide tolkingar av eventyra er spelt inn i båe Døvre gamle skule i Skrautvål og i Skattebustogo på Valdres folkemuseum.

 

Eitt av programma handlar om julebukkminna til Reidun Borgny Dølehuset og Håkon Bakkene. Dei to fortel om både skumle og artige romjulsopplevingar, som aldri kjem til å gå i gløymeboka. Den nyoppdaga og litt skumle heimelaga julebukken, med lealaus kjake og dårleg tannstilling i Skrautvål, er også med i sendinga.

Første videoen  publisert julaftan. Denne er med soknepresten i Nord-Aurdal, Kristine Indrehaug Fossheim, som les juleevangeliet i Skrautvål på nynorsk. Det er museumsdiektør og folkemusikar Ole Aastad Bråten som både syng og spelar langeleik til julebodskapen med songen “Eit barn er fødd i Betlehem”. Han bidreg også med musikk i dei andre innslaga.

Sendingane blir publisert kvar kveld klokka 19.00 på Facebook og Youtube. Dei er gratis og opne for alle.

Kjell Einar Kana (til høgre på biletet ovanfor) frå Kreativ Videoproduksjon og Roy Myrland (til venstre på biletet ovanfor) frå nettavisa Langsveien.no er produsentar.

Ragnhild Kjørli sørga for julepyntinga i Døvre gamle skule.

Til info: Det var allereie i 2005 Nitimen sine lyttarar kåra valdresdialekten til den vakraste i Noreg

https://www.nrk.no/ho/valdresdialekten-landets-vakreste-1.42973

Reidun Borgny Dølehuset og Håkon Bakkene. Foto: Roy Myrland

Reidun Borgny Dølehuset og Håkon Bakkene. Foto: Roy Myrland

Julebukk frå Skrautvål
Døvre skule. Fra venstre og rundt bordet: Anny Myrland, Rigmor Orderdalen Tveit, Håkon Bakkene, Reidun Borgny Dølehuset, Guro Engen og Kari Myrland Skrautvol. Foto: Roy Myrland
Reidun Borgny Dølehuset, Guro Engen og Kari Myrland Skrautvol.
Frå venstre: Roy Myrland, sokneprest Kristine Inderhaug Fossheim og Kjell Einar Kana var alle tre fornøgde etter opptaka i Skrautvål kyrkje til sendinga julaften.

Ragnhild Kjørli frå Skrautvål Grendelag var dekoratør for programma frå Døvre skule.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

17 + one =