Flytt til Valdres! – Attraktive bustadtomter i Skammestein ved Beitostølen

Flytt til Valdres! - Attraktive bustadtomter i Skammestein ved Beitostølen

Øystre Slidre kommune skriver i pressemelding:

 

Attraktive bustadtomter i Skammestein

 

I samband med vedteken reguleringsplan for Kølleberg bustadområde, luftar kommunen interessa med fire ledige bustadtomter i Skammestein. Det nye bustadfeltet ligg i området nedanfor det gamle samvirkelaget, mellom Skøltevegen og Lidar Skule.

 

Øystre Slidre kommune satsar på å etablere gode tilhøve for buseting i kommunesentera. Kølleberg ligg tett ved Lidar skule, og om lag 7km frå Beitostølen sentrum.

 

I fyrste omgang er det lagt ut fire tomter med prisantydning på 390 000kr, inklusiv grunninvesteringar som straum, veg og vatn til tomtegrensa. Ved stor nok interesse, vil kommunen opparbeide tomtene,  som får flott utstyn mot Hedalsfjorden og fjellheimen.

 

Dei som er interesserte i tomtene i Skammestein, kan ta kontakt med kommunen for meir informasjon.

 

Ledige tomter i heile kommunen

Kommunen har lagt til rette for bustadutvikling i heile kommunen. I tillegg til nytt bustadfelt i Skammestein, vert det jobba med etablering av nytt bustadområde ved Haughovdhøvde på Heggenes. Kommunen har og ledige tomter i etablerte område som Solhauglia i Rogne, Løkjeskogen ved Tingvang, på Klyppemyrhaugen på Beitostølen og i Beito. Meir informasjon om desse tomtene, er å finne på kommunen sine heimesider.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

7 − 1 =