Kvisskveld i mållaget

Kvisskveld i mållaget
– Det er viktig at vi i mållaget kan samlast til uhøgtideleg moro, og minne oss sjølve på kvifor vi er så glad i språket vårt, seier leiaren i Vestre Slidre mållag, Marianne Granheim Trøyflat.
Bildet over: Leder i Vestre Slidre mållag Marianne Granheim Trøyflat saman med Robert Hagen og Jocelyn Wana
Førre fredag inviterte mållaga i Vestre Slidre, Øystre Slidre og Nord-Aurdal til pøbbkviss på Gjestegården på Fagernes. Om lag tjue stykk møtte fram og laga fekk bryne seg på spørsmål av ymse slag. Kva som er opphavet til stadnamn som Åmot og Skrukkefyllhaugen var blant nøttene som dei frammøtte fekk knekke, da laga var stabla saman.
Det kom etter kvart fram at Åmot er eit elvemøte og at Skrukkefyllhaugen ligg ovanfor Skrukkefylla, eit fiskevatn som har fått namnet sitt etter neverskrukka ein samla fisken i.
Gamle dialektord som “ei prøne” skulle også tydast. At dette er ei knappenål var slettes ikkje kjent for alle.
Da vinnarlaget vart kåra, vart det påspandert bøker frå Kvitvella forlag og kalelnder med historiske motiv frå Valdresbanen.
Undervegs underheld også Jocelyn Wana og Robert Hagen på vokal og gitar.

Trøyflat er nøgd med oppslutninga.
– Mange sat inne med mykje kunnskap, og alle bidrog med gode framlegg. Det er tredje året vi har dette arrangementet på etterjulsvinteren. Lokallaga i mållaget bør prate meir saman. Det bør vi kanskje alle gjera, konstaterer leiaren i Vestre Slidre mållag.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

eleven + 6 =