Den store klesbyttedagen kjem til Valdres Folkemuseum

Den store klesbyttedagen kjem til Valdres Folkemuseum

Sundag 7. april arrangerer Valdresmusea klesbyttedag på Valdres Folkemuseum – for deg som vil fornye klesskåpet på ein miljøvenleg måte. Her kan du bytte vekk gamle skattar du ikkje lenger bruker – og få nye favorittar i retur. Samstundes arrangerer Nord-Aurdal husflidslag påskeverkstad for heile familien.

– Vi vil gjere det lettare å ta miljøvenlege val i kvardagen, og kledebyttedagen er noko alle kan vera med på, seier Janne Gillgren i Naturvernforbundet. Janne er prosjektleder for Den store kledebyttedagen, og ho vonar at dagen kan bidra til at kvalitet og gjenbruk blir lettare enn å kjøpe nyproduserte klede.

– Forbruket vårt av klede bidreg til eit enormt miljøfotavtrykk. I Noreg importerer vi klede som aldri før, og det blir brukt tusenvis av liter vatn for å produsere berre ei t-skjorte! Ved å bytte reduserer vi behovet for å kjøpe nye klede, og slik minskar vi både ressursforbruket og forureininga vår. Viss alle nordmenn bytta til seg tre plagg i året, i staden for å kjøpe nytt, ville vi kutta like mykje CO2 som om alle bileigarar i Noreg hadde latt bilen stå i fem dagar, seier Gillgren.

Byttekonseptet er enkelt: Finn fram opp til sju heile og fine plagg frå bakarst i klesskåpet. For kvart plagg du har med deg får du ein kupong du bruker til å bytte til deg eit nytt plagg som du faktisk har lyst til å bruke. Innlevering av klede skjer til museumsbutikken på Valdres Folkemuseum 1.-5. april kl. 12.00-15.00, evt. torsdag 4. april kl. 16.00-19.00.

– Kledebytte er eit hyggelig og enkelt miljøtiltak, og eit godt alternativ til shopping, seier One Enerud og Solveig Strand, som er tilsett ved Valdresmusea og Norsk institutt for bunad og folkedrakt.

Samtidig som kledebyttefesten inviterer museet til påskeverksted for heile familien. Påskeverkstaden er det Nord-Aurdal husflidslag som står for.

Open kafé og gratis inngang! Valdres Folkemuseum, sundag 7. april kl. 12.00-15.00.


Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 × four =