Snart stappfullt i Hakkebakkeskogen

Klatremus og Mikkel Rev spilt av Emilie Ødegaard Sætre og Jacob Blix Nilsen
Aldri før har det vore så stor pågang på framsyningane.

Valdres barne-og ungdomsteater er i hektisk innspurt før premieren på Hakkebakkeskogen fredag. No er det berre siste finpuss som står att før publikum fyller salen for å oppleve Klatremus, Mikkel Rev, ei flygande Bestemor Skogmus og alle dei andre dyra.

50 elever

Sidan jul har om lag femti elevar frå heile Valdres møttest for å øve inn replikkar og dansetrinn. Symaskiner har gått varme og hammar og sag har vore raudglødande. Men no står skogen der: Eit enormt sceneteppe av ein skog og ein imponerande scenografi.
– Billettsalet har gått over all forventning, seier ei glad Anica Seljestad. Instruktøren kan fortelje at alle dei tre framsyningane snart er stappfulle.

Petter og Per Pinnsvin spilt av Jørn Kristian Mathisen og Trym Skredbergene Lykken
Petter og Per Pinnsvin spilt av Jørn Kristian Mathisen og Trym Skredbergene Lykken
Sommarfuglar i magen

Dette gjer sjølvsagt at sommarfuglane kriblar ekstra i magen på små og litt større skodespelarar som gler seg til å vise seg fram for fulle salar.
– Enno er det nokre billettar att på siste framsyning laurdag, men elles har billettane vorte rivne bort, seier ho.

Klatremus og Mikkel Rev spilt av Emilie Ødegaard Sætre og Jacob Blix Nilsen
Klatremus og Mikkel Rev spilt av Emilie Ødegaard Sætre og Jacob Blix Nilsen
Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

11 − two =