Handverkardag på Skiferplassen

Handverkardag på Skiferplassen

Valdresmusea og Verne-Vøla inviterer til handverkar- og torgdag på Skiferplassen midt i Fagernes sentrum laurdag 11. mai kl. 11.00 – 15.00.

– Dagen er ei forlenging av laftekurset som Valdresmusea arrangerer same stad heile veka. Det kjem mange handverkarar, så her blir det moglegheit til ein god prat om både dette og hitt, og om du har lyst til å prøva deg på noko av det er du hjarteleg velkomen til det, fortel Odd Arne Rudi.

Mange lokale

Mange av dei gode lokale matprodusentane òg på plass, her blir det mogleg med både prøvesmaking og å kjøpa med ei delikatesse til helga.
– Fortidsminneforeningen er 175 år i år og har støtta årets arrangement. Verne-Vøla, som er vår lokalavdeling av foreininga, formidlar det gode arbeidet dei gjer, seier Odd Arne og ynskjer alle velkommen!

Mer informasjon under disse linkene:
Valdresmusea

Verne-Vøla

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

five × three =