Kongevegen ventar god sesong – rekordstore førehandstingingar

Kongevegsjef Odd Helge Brugrand kan konstatere at trafikken på Kongevegen over Filefjell har starta godt og at tal førehandstingingar er rekordhøge hjå fleire av bedriftene. Her ved Vindhella i Lærdal. Foto: Per Åke Evjestad

Fleire av bedriftene langs Kongevegen over Filefjell melder om rekord i tal førehandsbestillingar før 2019-sesongen. Samstundes har Kongevegen suksess med satsinga på turpakker.

-Me sydde turpakker og publiserte dei for knappe to månadar sidan. Med tanke på den korte tida og dei små midlane me har til marknadsføring, er me godt nøgde. Pakkene er med på å fylle kapasiteten hjå bedriftene i Vang og Lærdal, fortel dagleg leiar Odd Helge Brugrand i bedriftsnettverket for Kongevegen over Filefjell.

På heimesida www.visitkongevegen.no og i sosiale medier har Kongevegen hatt svært god trafikk i vår, viser tal frå Google Analyse.

-Mellom 300 og 600 unike brukarar har vore innom www.visitkongevegen.no dagleg i periodar. Og på sosiale media held Kongevegen fram med å vere ein slager. Til dømes hadde Kongevegen 6000 videovisningar på godt to døgn, seier Brugrand.

Kongevegen over Filefjell var den første køyrevegen mellom Austlandet og Vestlandet, beordra av Christian VII (Frederik VI) og bygd i 1790-åra.
Rekord fleire stadar

Det merkast ute langs Kongevegen. På Maristova har fleire gått Kongevegen tidlegare enn før. Alt før snøen var vekke på høgfjellet kom større grupper gåande, fortel innehavar Knut H. Maristuen.
-Monaleg fleire kundar har bestilt opphald hjå oss i juni enn på mange år, seier Maristuen.

Ved Filefjellstuene er det også rekord

-Vi har aldri hatt så mange førehandstingingar for sommaren nokon gong, seier Magne Grihamar på Filefjellstuene.
Også Sanden pensjonat på Lærdalsøyri har fleire generelle førehandstingingar i år enn tidlegare. Ved Lærdal Ferie- og Fritidspark melder dei at storsesongen starta 1. juni.
-Denne sesongen blir minst like bra som i fjor, seier innehavar Even Aarethun.

Kongevegstrekninga over Kvamskleive i Vang er med i ei av turpakkene. Pakkene er noko av grunnen til veksten. Foto: Sverre Hjørnevik
Kongevegstrekninga over Kvamskleive i Vang er med i ei av turpakkene. Pakkene er noko av grunnen til veksten. Foto: Sverre Hjørnevik

Førehandstingingane gjeld alle type bestillingar, og ikkje berre vandrarar på Kongevegen. Men også turistinformasjonen på Tyinkrysset melder om stor oppsving i bruk og etterspørsel av Kongevegen så tidleg i sesongen.
-Majoriteten av dei som har vore innom oss, fortel at dei skal gå Kongevegen, seier dagleg leiar Leif Øyvind Solheimsli i Intersport Filefjell, som driv den offisielle turistinformasjonen i Vang.

Turpakker gjev vekst for bygdene

Bedriftsnettverket for Kongevegen over Filefjell har foreløpig lagt ut to versjonar av turpakka «Kongevegen Fjellpasset», som tek vandrarane opp austsida av Filefjell, over toppen ved Murklopphøgda og ned att på vestsida. Her vandrar folk frå overnattingstad til overnattingstad.
I pakka «Kongevegen Høgdepunkta» tek Kongevegbussen med seg vandrarar frå Lærdalsøyri til rundturane ved Vindhella og Galdane. I begge pakkene fraktar bedriftsnettverket bagasjen for gjestene.
-Sekken eller kofferten står klar på rommet når folk kjem fram. fortel Brugrand.

Rogn camping i Vang er ei av bedriftene som deltek i turpakkene.
-Pakker er eit nytt konsept for oss, så kvar pakkebestilling blir pluss i statistikken. Vi har merka meir trafikk på Kongevegen i vår, og håpet er at turpakkene sler an. Det er positivt for alle, seier innehavar Nils Rogn.

Kongevegsjef Odd Helge Brugrand kan konstatere at trafikken på Kongevegen over Filefjell har starta godt og at tal førehandstingingar er rekordhøge hjå fleire av bedriftene. Her ved Vindhella i Lærdal. Foto: Per Åke Evjestad
Kongevegsjef Odd Helge Brugrand kan konstatere at trafikken på Kongevegen over Filefjell har starta godt og at tal førehandstingingar er rekordhøge hjå fleire av bedriftene. Her ved Vindhella i Lærdal.
Foto: Per Åke Evjestad

Kongevegsjefen Odd Helge Brugrand seier at mykje besøk på Kongevegen har stor overrislingseffekt for næringslivet i regionen.
-Kongevegbedriftene melde om mellom 10 og 40 prosent vekst i 2017. Fleire av bedriftene melde om vidare vekst i 2018. Responsen på heimesida og i sosiale media i 2019 tyder at interessa ikkje avtek, seier Brugrand.

 


Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

thirteen + three =