Fosse og klima, treningstips og regionreform – Syn og Segn

Fosse og klima, treningstips og regionreform - Syn og Segn

I den nye utgåva av Syn og Segn er det ein stor samtale med forfattaren Jon Fosse og temaartiklar om han. Vidare er det tekstar om vindmøller og regionreform. Og korleis er det å vere ein økonomisk noldus? Er det behov for ei revitalisering av skjønnlitteraturen i norskfaget, og korleis er det når sorga aldri slepper taket?

KJÆRLEIK

No og då fell vaksne kvinner for yngre menn – og motsett: Unge menn forelskar seg i den modne kvinnekroppen. Stor aldersforskjell er ikkje eit hinder for seksuelle relasjonar mellom vaksne menneske, eller djup kjærleik, skriv Knut Aastad Bråten, redaktør i Syn og Segn.

KLIMAKAMP

Over heile verda står born og unge på barrikadane for ein meir aktiv klimapolitikk. Vilja Helle Bøyum (18) har blitt skulda av vaksne for å vere naiv, men Vilja let seg ikkje provosere. «No er vi leie av å snakke om løysinga. Det er tiltak vi er ute etter.»

SAMTALE

Jon Fosse er ein av dei mest skatta forfattarane i Noreg i dag. I år fyller han 60 år.
«Eg røyner ting i livet, og eg røyner ting i diktinga. For meg er det eg røyner når eg skriv, minst like sterkt, ja eigentleg sterkare, enn det eg røyner i livet», seier han.

TEMA

Syn og Segn har utfordra fleire til å skrive om forfattaren Jon Fosse. Kva er det særmerkte med forfattarskapen til Jon Fosse? Kva har gjort Jon Fosse til ein av dei fremste dramatikarane i verda i dag? Og korleis blir han lesen og oppfatta i andre delar av verda? Dei som skriv, er Arnhild Litleré, Runar Hodne, Mette Karlsvik, Ruth Lillegraven, Tormod Haugland, Eva Laila Hilsen, Rolv Nøtvik Jakobsen, Hinrich Schmidt-Henkel og Jon Fosse sjølv.

PENGAR

Kva bør vi snakke om når vi snakkar om pengar, spør Simen Dalehavn Faaberg. «Om vi skal lære om personleg økonomi, lyt vi ikkje berre lære om kva vi skal gjere med pengar – vi
lyt også lære om kva pengar gjer med oss.»

KLIMA

Det klirrar i kassa til utbyggjarar og kommunepolitikarar. Det raslar i kjettingar hjå hyttefolk og naturvernarar. Men kva er det med vindkraft som vekker så sterke kjensler hjå oss, spør Erling Holden, professor ved Høgskulen på Vestlandet.

SORG

Det er som om det har falle ei atombombe på familien. Det var i sommar, no er det haust. Men såret er like opent. «Eg tenker at sjela mi er i ei sørgjeleg forfatning, kva skal ein gjere med ei slik sjel. Skrike til den? Vogge den?» Hilde K. Kvalvaag skriv sterkt om sorg i eigen familie.

Vidare kan du få med deg nyttige treningstips frå treningsguru Yngvar Andersen. Magni Kristin Moe Westgård skriv om skjønnlitteraturen som kraft i norskfaget. Andre bidragsytarar er Tharaniga Rajah, Magne Aasbrenn og Sindre Goksøyr.


Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

one × 5 =