Velkomen på lærerik fjelltur i Valdres

Velkomen på lærerik fjelltur i Valdres
Deprecated: Function create_function() is deprecated in /customers/4/0/3/langsveien.no/httpd.www/wp-content/plugins/wp-spamshield/wp-spamshield.php on line 1884
Tur med mållaget til «Knut Hauges rike»
Sundag 18. august inviterer Nord-Aurdal Mållag og Vestre Slidre mållag til tur til «Knut Hauges rike» – det vil seia Kvitehaugen og Oksleåne i Vestre Slidre. Me reiser frå Fagernes (Valdres Folkemuseum) kl. 10.00, frå Slidre sentrum (Coop Slidre) kl. 10.30.
Turen kostar kr 150 pr. person (kr 50 for dei som ikkje er med i dei oppsette bilane). Dei som held bil, får att pengar frå det som kjem inn.
På Kvitehaugen blir me møtte av Gunnar Hauge, som fortel litt om faren og hans forhold til fjellområdet rundt Kvitehaugen. Der får de også servert kaffi og lappar.
Deretter tek me fatt på turen opp bakkane til Oksleåne. Der vil Torodd Lybeck fortelja om Oksleføssen (bildet over) og andre fossar i nærleiken.
Det er knapt 2 km å gå frå Kvitehaugen til Oksleføssen. Stigen er god, men det er bratt.
Ta gjerne med familie og venner!
Meld deg på turen hjå Aud Søyland, tlf. 990 37 584 / aud.soyland@bbnett.no,
eller hjå Marianne Granheim Trøyflat, tlf. 988 18 871 / marianne.gt@gmail.com
innan 16. august.
Turdeltakarane får kjøpt boka til Torodd Lybeck (bildet over) , 222 fossar i Valdres, til kr 300 (vanleg pris kr 390).
Velkomen på tur!
Av Vestre Slidre mållag
Foto: Torodd Lybeck og Roy Myrland
Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 × 1 =