Erik Alfred (oppfinneren) kommer

Erik Alfred (oppfinneren) kommer
Innhaldsrikt haustprogram i Gapahuken i Øystre-Slidre

 

Gapahuken fyller i desse dagar eitt år. Utprøvinga er ferdig og ting byrjar sette seg. Det merkast på haustprogrammet, som kan by på mangt for små og store.

 

Ungdomsklubben starta opp førre fredag, og held ope for ungdom frå 8.klasse – 3.vgs kvar torsdag frå 14.30-19, og fredagar frå 18.30-22. Det vert som vanleg lagt opp til variert aktivitet i samarbeid med ungdomane gjennom hausten. Til no er det mellom anna planlagt paintball, rockeklubb og juniorklubb med Halloweenfeiring.

 

 I tillegg til ungdomsklubben, har kulturavdelinga i kommunen fleir godbitar på programmet som er ope for alle.

 

Oppfinneren frå NRK

 

”Oppfinneren”, Erik Alfred Tesaker, kjem til Gapahuken for å halde foredrag, torsdag 19.september kl.18.

 

Gjennom NRK-serien ”Oppfinneren”, har me vorte kjende med Erik Alfred Teasker og familien, i deira kreative prosess med å skape eit sjølvforsynt, mekanisk paradis på Øystøl på Sørlandet.

 

Med ei herleg blanding av tradisjonelt handtverk, gjenbruk og grenselaus kreativitet, vil Erik Alfred fortelje om livet bak kamera med eit skråblikk på kvardagsproblem, bakomhistorier frå TV-serien, lune anekdotar frå barndomen, kampen mellom ”drømmetårnet” og kjøkenet, og sjølvsagt draumen om eit sjølvforsynt mekanisk paradis.

 

Erik Alfred er oppteken av bevisstheit kring kva me menneske brukar liva våre på, med fokus på eit leikent og varmt samfunn, der me tek vare på kvarandre og ser på folk sine ulikskapar som ressurs.

 

Foredraget er ope for alle, og me håpar å sjå både unge og gamle i salen, og me sel kaffi, vaflar og brus før og etter foredraget.

 

Me ynskjer å få til ei lita utstilling, der folk kan ta med seg sine oppfinningar, finurleg reparerte eller ombygde maskiner og duppedingsar som dei ynskjer å syne fram. Om nokon har eit eller anna dei ynskjer å bidra med elelr syne fram, kan du ta kontakt med ungdomskonsulent Øystein Skattebu for å gjere avtale.

 

Seinare i haust, nærare sagt laurdag 19. september spelar Sudan Dudan konsert, medan Frida Ånnevik kjem sundag 3.november. Meir informasjon om desse arrangementa kjem seinare.

 

 

Billettar kan kjøpast på nett, via lenkje frå kommunen sine nettsider, eller Gapahuken sine facebooksider.


Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

one × three =