Syn og Segn – Islands president, landbruk, massevald og ei tjueårskrise

Syn og Segn - Islands president, landbruk, massevald og ei tjueårskrise

I den nye utgåva av Syn og Segn er det ein stor samtale med Islands president, Guðni Jóhannesson, temaartiklar om norsk landbruk, tekstar om ungdomskriminalitet, om Alta-saka 40 år etter, om norsk – eit sjeldsynt språk, og mykje, mykje meir.

BYGGESKIKK: Kasseaktige forretningslokale og planlaus bustadbygging. Den norske tettstaden er i endring. Eller avvikling? spør Knut Aastad Bråten, redaktør i Syn og Segn.

MASSEVALD: Auke i fysisk vald, massevald og lovbrot mot politiet. Slik samanfattar Oslo politidistrikt og Oslo kommune 2018-tala for barne- og ungdomskriminalitet i hovudstaden. Håvard Stamsø-Ellingsen i Røde Kors jobbar ansikt til ansikt med mange av ungdommane andre berre snakkar om.

SAMTALE: «Eg trur ikkje på å påføre dei som må reise, flyskam. Vi kjem til å halde fram med å fly. Eg har ikkje flyskam sjølv, og eg trur ikkje at det hjelper å ha det. Det hjelper ingen om vi får panikk.» Islands president Guðni Jóhannesson i eksklusiv samtale med Mette Karlsvik.

TEMA: Korleis skal landbruket og den norske bonden tilpasse seg klimautfordringar og matkrise elles i verda? I 2004 var det 55 000 jordbruksbedrifter i landet. I 2018 var talet 39 000. Dei minste bruka forsvinn. I bygdene er det berre nokre store att. Er vi i ferd med å få eit industrilandbruk i Noreg? Og er det slik vi vil ha det? Torbjørn Tufte, Siri Helle, Sigrid Sørumgård Botheim, Erik Halvorsen, Astrid Brekken og Magni Kristin Moe Westgård
skriv om norsk landbruk i endring.

KLIMA: Kan filosofien støtte det globale storsamfunnet på liknande vis, her vi står, midt i ei makelaus klimakrise? Etter å ha lese den siste boka til filosof Arne Johan Vetlesen får eg lyst
til å dra med meg statsministeren ut i skogen for ein samtale med lauvtre, ugler og rådyr, men eg er usikker på om dette vil redde kloden frå ein klimakatastrofe, skriv Monica Bjermeland.

ALTA-SAKA: Kampen mot utbygging av Alta-Kautokeino-vassdraget er ein av dei mest djuptgripande, dramatiske og omtalte konfliktane i norsk politisk offentlegheit etter andre verdskrigen. Kor står Alta-saka i dag – 40 år etter?

Andrea A. Grøneng skriv om ei 20 års-krise, Helge Torvund har skrive dikt, Synnøve Midtbø Myking skriv om norske kyrkjemenn i Paris på 1200-talet, og til slutt skriv Pål Kristian Eriksen om norsk talemål og peikar på eksotiske trekk ved vårt eige språk.

 


Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

19 − twelve =