Olav Nordheim si bok lansereses med serinakaker og “Midtre Syndin Honky Tonk”

Olav Nordheim si bok lansereses med serinakaker og "Midtre Syndin Honky Tonk"
Caroline og Lars urframfører Midtre Syndin Honky Tonk under boksleppet for hytteboka

Torsdag kveld, i starten på Norsk Rakfiskfestival, blir det bokslepp for Den mellomstore hytteboka i festsalen i kulturhuset på Fagernes. Deltids hyttemann og forfattar Olav Norheim skal kåsere om boka, som dreier seg om hytter, hytteliv og hyttefolk – og han skal sjølvsagt også signere hyttebøker.

I boka har Norheim skrive fleire songar til hyttefolkets pris. Ein av dei er den Pussycat-inspirerte «Midtre Syndin Honky Tonk», og den blir urframført av Lars Skattebu og Caroline Synvis. Dei framførte også ein song då Norheim lanserte boka si om fela til Jørn Hilme – den Dylan-inspirerte «Hei, gamle felespelar» – ei vise som vart ein populær hit.

Under boksleppseansen blir det servert gratis kaffi og serinakaker frå Åbjør, og det blir sjølvsagt mogleg å skaffe seg Den mellomstore hytteboka.

Arrangør er Kvitvella Forlag og Nord-Aurdal Mållag.

Foto og tekst: Pressemelding


Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

11 + 1 =