Skarke – i år blir det sledeføre

Tida før jul blir kalla skarke i Valdres. Då førebur vi oss til jul med bakst og rundvask.

På Valdres Folkemuseum tenner vi fjøslyktene og steller i stand til god, gamaldags førjulstid. I år gjer vi det for 25. år på rad, alltid første sundag i desember.  Årets aktivitetarDet er kjent frå folketradisjonen at ein skulle spara både på mat og klede i tida før jul, men ein slik tankegang er nok fjern for folk flest i overflodssamfunnet vårt her til lands.

Ved Valdresmusea er vi opptekne av å legge til rette for møte mellom generasjonar. Vi vil vere ein møteplass for minne, der folk kan dele og søke kunnskap. På skarka kan du sjå koking av einerlåg, smiing, demonstrasjon av lefsebakst, trearbeid og firfletting.

Frå museumssamlinga blir det stilt ut eit julepynta kristneteppe og ein gamal julebukk frå Øystre Slidre som er laga av tre, filt og skinn. (Innslaget under er  om julebukken fra Skrautvål i Nord-Aurdal)

Barn i alle aldrar kan støype lys, lage julepynt, papirstjerner, peparkaker og sopelime. Det blir òg kulturskulekonsertar, forteljingar, kanefart og lyd av dombjeller. Den tradisjonsrike vennelagsbasaren blir arrangert i festsalen kl. 15.00. Munkekroen er open heile dagen. Sal av lokale mat- og handverksprodukt   

I år blir det sal av julebakst, vilt, rakfisk, sylte, kurv, ost, drops, honning, såpe, keramikk, treak, fugleband, bøker, musikk og arbeid av halm, jarn, tre, tekstil og sylv. Fleire lokale mat- og handverksprodusentar sel frå gapahukar ute på tunet og i nokre av dei gamle husa, og museumsbutikken er sjølvsagt open. Her skulle det vere store moglegheiter for å kjøpe mat til juleselskapa og gåver under treet. 

Godt samarbeid.

Lokale handverks- og matprodusentar, Vennelaget for Valdres Folkemuseum, Valdresmuseas eigne tilsette og fleire titalls frivillige er med å skape Skarke på museet. Vil du vere med å bidra neste år, ber Valdresmusea om at du tar kontakt!  

Velkommen til Valdres Folkemuseum sundag 1. desember 2019 kl. 12.00-16.00!


Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

twenty − 2 =