Desemberutgåva av Syn og Segn – med bl.a. metookampanjen

Desemberutgåva av Syn og Segn  - med bl.a. metookampanjen

I Syn og Segn finn du artiklar om det meste. Slik har det forresten vore sidan byrjinga i 1894. I den nye utgåva av Syn og Segn kan du lese om alt frå humanisme og flørting til musikk og korallrev, og mykje, mykje meir.

DANS
Dans er fest og moro og får deg til å skratte høgt – slik han også er med på å gjere oss til betre borgarar. Skal vi danse meir? spør Knut Aastad Bråten, redaktør i Syn og Segn.

METOO


#metoo-kampanjen starta med alvorlege historier om valdtekt og enda med krav om å straffe menn som plystrar etter kvinner på gata. Korleis har det påverka flørten og det erotiske spelet mellom kjønna? Ylve Gudheim i prat med psykolog Fanny Duckert.

SAMTALE

Bente Sandvig har gjennom eit langt yrkesliv kjempa mot kyrkja si makt i det norske samfunnet. – Vi har ikkje ei statskyrkje lenger, men vi har noko som liknar fælt, seier Bente Sandvig – i samtale med forfattar Linn T. Sunne.


TEMA
Musikk er opprør mot det beståande – eller eit livsprosjekt for enkelte. Musikk er påkopling til ei anna verd, eller avkopling frå det daglege. Kva skal musikken utrette utover det reint musikalske? Finst ei djupare meining med han? Odd Nordstoga, Sandra Kolstad, Tor Espen Aspaas og Suzanne Aabel med fleire skriv om krafta i musikken.
KORALLREV
«Dei kvite, skjelliknande bitane er restar av korallar. Nokre stader ligg dei tett i tett i sanden, andre stader mindre tett. Den kvite fargen fortel at dei var levande inntil heilt nyleg.» Og framleis kjenner vi berre ein brøkdel av dei blomstrande korallreva, fleire hundre meter under havoverflata, skriv Silje Pileberg.

MILJØ-MORALISME
– Dei der har verkeleg ikkje skjønt det, skriv Bergljot Kaslegard. «Det er jo så opplagt at vi må ta vare på naturen, at vi må dyrke med klokskap og visdom, det er så sabla opplagt at det er øydeleggande å øydelegge!»
I tillegg kan du lese glitrande tekstar om menn som strikkar – av Sturla Pilskog, om urbrølet og trongen til å skrike – av Ingunn Thon, og om korleis du får betre tale – gjennom skrift: «Ord er makt, og skriftspråket er den magiske verkstaden vi treng for å trylle dei fram. Så kvifor bruker ikkje politikarane våre meir tid på å skrive gode talar?», spør Øystein Søtvik Rekstad.


God lesing!
Beste helsing
Knut Aastad Bråten
redaktør


Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

5 + fourteen =