FRÅ ULL TIL TRÅD – Kurs i karding og spinning med handtein og rokk

FRÅ ULL TIL TRÅD - Kurs i karding og spinning med handtein og rokk
Deprecated: Function create_function() is deprecated in /customers/4/0/3/langsveien.no/httpd.www/wp-content/plugins/wp-spamshield/wp-spamshield.php on line 1884

Kurs i karding og spinning med handtein og rokk, på Valdres Folkemuseum. Karding og spinning av ullgarn er ein gamal tradisjon som held på å døy ut. Mange har en gamal rokk ståande heime, meir til pynt enn til nytte. I dag er det få som kan bruke han, men Valdresmusea inviterer til å lære.

Byrjar med ein tråd

Alt byrjar med ein tråd. Det er noko med det å lære eit handverk heilt frå starten av. Helga 22. og 23. februar 2020 arrangerer Valdresmusea 12 timars kurs i karding og spinning med handtein og rokk. Kurset går føre seg på Valdres Folkemuseum. One Enerud, formidlingskonsulent ved Valdresmusea, fortel at målgruppa er alle som vil lære å spinne, med og utan spinneerfaring. Ho trur det er første gong museet arrangerer eit slikt kurs.

Trø rokken

Spinning har hatt ord på seg for å være et slitsamt, men også eit hyggeleg arbeide. I gamle dagar var spinning eit arbeid jentene vaks opp med. Dei var ikkje gamle før de måtte trø rokken. I dag er karding og spinning eit ukjent arbeid for dei fleste, difor ynskjer vi at flest mogleg skal få lærer seg kunsten, seier Enerud. Ein del kunnskap er det ikkje så lett å lese seg til, der må ein rett og slett øve og prøve seg fram, under leiing av nokon som har erfaring i faget. Nettopp ein slik handlingsbåre kunnskap er karding og spinning. Instruktørar for kurset er Inger Norunn Solhaug, May Elin Rønning og Irene Bjorheim. Dette er damer som har kunnskapen i hendane. Dei har nokre få rokkar til utlån, men best er at kursdeltakarar tar med eigen rokk. Enerud ber interesserte gi beskjed om ein treng låne, her er det førstemann til mølla! Handtein kan ein låne eller kjøpe på kurset. Materialar er elles inkludert, skriver Anne Marit Noraker i en pressemelding.

I alle heimar, i alle ledige stundar, gjekk rokken frå gamalt av. Denne kunnskapen er det få som kan i dag. Biletet er frå 1950 og viser Sigrid Ringli der ho sit ved rokken på stølen på Rabalen. Foto: Valdresmusea.
I alle heimar, i alle ledige stundar, gjekk rokken frå gamalt av. Denne kunnskapen er det få som kan i dag. Biletet er frå 1950 og viser Sigrid Ringli der ho sit ved rokken på stølen på Rabalen. Foto: Valdresmusea.

Meir info:  Sjå her  
Spørsmål og påmelding, kontakt One Enerud. Epost: info@valdres.museum.no
Tlf: 61 35 99 00 / 450 14 046. Valdres Folkemuseum, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes.


Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

one + nine =