Praktverk om Slidredomen

Praktverk om Slidredomen

Pressemelding

No er soga om den stolte steinkyrkja i Vestre Slidre komen mellom to permar. Det er historikar Jahn Børe Jahnsen som har skrive boka, og ho er gjennomillustrert med foto av Ola Døhl.

Med boka Slidredomen. Katedralen i Valdres kjem Jahn Børe Jahnsen med ei ny bok om den gamle hovudkyrkja i Valdres, 37 år etter at han skreiv Slidredomen 800 år. Og det har verkeleg vorte ei ny bok. Teksten er meir popularisert enn i den førre boka, og ho inneheld eit stort og vakkert biletmateriale. Dei fleste bileta er tekne av Ola Døhl, som var prest ved kyrkja i tida 2012–2020. 

På åra som har gått sidan den førre boka vart skriven, har vi fått ny kunnskap om Slidredomen. Tidlegare trudde ein at kyrkja var bygd mellom 1150 og 1200, men ved hjelp av nye metodar har det vore mogleg å tidfeste byggjeåret meir nøyaktig enn før. Ein meiner no at kyrkja stod ferdig ca. 1268. Ho er den største av dei tre steinkyrkjene i Valdres frå mellomalderen, men ikkje den eldste. 

Boka, som er på 160 sider, fortel soga om korleis kristendomen kom til Valdres, om kyrkjebygging og om kyrkjelege kunstskattar som har vore i bruk i Slidredomen i hundrevis av år. Vi får eit innblikk i soga om alle dei som har vore prestar i kyrkja gjennom godt 750 år, og om andre kyrkjeleg tilsette. Vidare får vi vita litt om korleis kyrkjesokna var inndelte i eldre tid, og om kyrkjene som høyrde inn under Slidredomen.

Det er Vestre Slidre Historielag som no har teke eit stort økonomisk lyft for å spreie ny kunnskap om den gamle kyrkja. Kvitvella Forlag har gjeve ut boka på vegner av historielaget.

Forfattaren av boka, Jahn Børe Jahnsen, er kjend for dei fleste valdrisar. Han er fødd og oppvaksen i Oslo, men kom til Vestre Slidre som lærar ved Vestre Slidre ungdomsskule i 1971. Jahnsen er utdanna historikar og har vore lektor ved Fagernes vidaregåande skule. Seinare vart han konservator ved Valdres Folkemuseum og leiar for Opplandsarkivet. I dag bur han og kona på Lørenskog, men dei har hytte i Ulnes og er der mykje av året.

I Vestre Slidre var Jahnsen lokal leiar for utgravingsarbeidet ved Mo kyrkjeruin. Det var starten på eit stort lokalhistorisk arbeid som han har lagt ned i Valdres gjennom snart femti år. Jahnsen har skrive mange bøker om historiske emne – ikkje minst om kyrkjene i Valdres. 

 

 

 


Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

nine − 1 =