-Størst av alt er kjærleiken.

-Størst av alt er kjærleiken.

Kjære fritidsinnbyggjar i Vang.

Tekst: Vidar Eltun, ordførar i Vang kommune.

 

I ei viss bok står det at det er ei tid for alt. Og ikkje for å bli for bibelsk, men likevel; størst av alt er kjærleiken. Det denne koronapandemien har lært meg er kor høg kjærleik de som fritidsinnbyggjarar har til hytta eller leilegheita som de har her i Vang. Det skal me ta på alvor.

I starten av utbrotet bad regjeringa oss om å stille opp på dugnad. Eit av tiltaka var at de som hyttefolk ikkje kunne reise på hytta som de ville. De vart fråtekne ein rett, ein rett og ein følelse som nasjonen ikkje har kjent på kanskje sidan 2. verdskrig. Kommunen følgde opp med å be

dykk ta omsyn til desse smittevern tiltaka. Ja,  me kunne sikkert gjort dette på ein enno betre måte, reint informativt og elles. Men målet vårt var at me ikkje ville ha nokon smitta i Vang kommune. Det har me klart! Takka vere dykk og innbyggjarane i Vang som har teke så stort ansvar. Tusen takk.

Det er no tid for å sjå framover, men pandemien er ikkje over. Me må alle framleis følgje dei smittevern omsyn som helsemyndigheitene pålegg oss, vaske hender, halde 1 meters avstand, ikkje ha for store sosiale samlingar med meir. Men elles kan me leve som normalt. De kan dra på hytta, handle på butikken og hjå byggevareleverandøren i Vang. De er meir enn velkomne til det!  De veit det, og me som bur i Vang blir meir og meir klar over det; Vang treng hyttefolk og hyttefolk treng Vang.

 

Klikk for stort bileteEg er svært glad for alle initiativ som no blir tekne av dykk med fritidsbustad i Vang og mellom anna det Øystein Vangsnes har drege i gang er berre fantastisk: «Dette er tida for å leggje inn bestilling på smått og stort på hytta og eg håper flest mogleg blir med på denne kampanjen for å sikre arbeid til dei lokale fagfolka i Vang, fortel Øystein Vangsnes.»

De kan lese meir om kampanjen på www.vangivaldres.no

Vang kommune har etablert ein godt og nært samarbeid og fått til ei avtale med Tyin Filefjell Hytteforum. Me prøver sjølvsagt også å ha dialog med dei andre hyttevelforeiningane i kommunen. Koronapandemien er ikkje over og me må lære av den og førebu oss til neste pandemi, til neste krise. Me har hatt evalueringsmøte med TFH for å drøfte det som har vorte gjort frå kriseleiinga i Vang kommune si side, og sett på korleis me kan løyse utfordringane på ein enno betre måte neste gong. Eg skal vere ærleg på det at me har fått rimeleg kritiske tilbakemeldingar frå nokre få fritidsinnbyggjarar. Me tek med oss den kritikken, noko er fortent og noko meiner eg vel ikkje er så konstruktiv kritikk. Uansett, me må gjennom dialog finne ut av utfordringane i saman for på ny; Vang treng hyttefolk- hyttefolk treng Vang.

Eg håpar de alle vil vere mest mogleg på dykkar fritidsbustad  denne sommaren. Eg spår at det blir ein varm og god sommar med opplevelsesrike dagar i fjella og bygda her i Vang. Og hugs; er det noko de formidle til oss i kommunen er me alltid tilgjengelege.

Ha ein flott sommar alle!


Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

thirteen − nine =