FOREDRAG MED STØLING OG FJELLET SOM TEMA

FOREDRAG MED STØLING OG FJELLET SOM TEMA

Torsdag 3. september fortel Berit Robøle Hegge (bildet over) om eigne stølsminne. Foto: Valdresmusea.

Talet på foredragskveldar i festsalen på Valdres Folkemuseum aukar for kvart år. Foredraga blir arrangert torsdagskveldar kl. 19 og er opne for alle. Denne hausten er fjellet og stølskulturen tema for fleire av kveldane.

Torsdag 3. september blir det stølskveld der Berit Robøle Hegge viser gamle bilde og fortel om eigne stølsminne, om matkultur, dyrestell og oppveksten på stølen. 

Den 10. september er det byggeskikken i fjellet som er tema. På oppdrag frå Fylkesmannen har Valdresmusea kartlagt bygningsmiljø og bygningstypar som er i ferd med å bli borte på Stølsvidda. Konservator Anne Marit Noraker og bygningsvernrådgjevar Odd Arne Rudi presenterer kartlegginga, viser bilete og opnar for spørsmål.

 

Seinare i haust blir det foredrag om både hyttekulturen, historia til Den norske turistforening og pionerar i Jotunheimen. Følg med på nettsida Valdresmusea.no og i avisa Valdres!

Torsdag 10. september blir det foredrag om byggeskikken i fjellet ved Anne Marit Noraker og Odd Arne Rudi. Dette biletet er frå Furuset. Foto: Valdresmusea.


Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

3 × two =