Kongevegen over Filefjell

Kongevegsjef Odd Helge Brugrand kan konstatere at trafikken på Kongevegen over Filefjell har starta godt og at tal førehandstingingar er rekordhøge hjå fleire av bedriftene. Her ved Vindhella i Lærdal. Foto: Per Åke Evjestad

Fleire av bedriftene langs Kongevegen over Filefjell melder om rekord i tal førehandsbestillingar før 2019-sesongen. Samstundes har Kongevegen suksess med satsinga på turpakker. -Me sydde turpakker og publiserte dei for knappe to månadar sidan. Med tanke på den korte tida og dei små midlane me har til marknadsføring, er me godt nøgde. Pakkene er med på å fylle kapasiteten hjå bedriftene i Vang og Lærdal, fortel dagleg leiar Odd Helge

Kongevegen over Filefjell - ny vegsjef

Odd Helge Brugrand frå Lærdal er tilsett som dagleg leiar og prosjektleiar for bedriftsnettverket Kongevegen over Filefjell. Via «Kongevegbedrifter Filefjell SA» skal Brugrand styre eit bedriftsnettverk av kring 30 bedrifter i Valdres og Sogn. Med alle sine aktivitetar, ikkje berre Kongevegen, omset bedriftene for om lag 100 millionar kroner i året. Kongevegen som vandredestinasjon Styreleiar Knut Horvath Maristuen i Kongevegbedrifter Filefjell SA er glad for at Brugrand takka ja. -I