Reiseliv

Bygginga av ny bryggje å Gjendeosen går sin gang vinterstid. Ny bryggje er første etappe i ei tre-trinns realisering av Gjendeosen som nasjonalt reiselivsikon Foto: Ketil Sandviken

Kronikk av Ketil Sandviken, Vågå. Himmelen låg knallblå over Jotunheimens smaragdgrøne perle da vegvesenet for snart 10 år sia lanserte bygging av Fjellets Opera til svimlande summar for å gjera Gjendeosen til eitt av tre nasjonale reiselivsikon på line med Trollstigen og Vøringsfossen. Lite har skjedd, men nå er sirkuset i gang og ser ut til å ende opp med eit stort telt og ei gangbru som mange er imot.