valdres barne- og ungdomsteater

Klatremus og Mikkel Rev spilt av Emilie Ødegaard Sætre og Jacob Blix Nilsen

Aldri før har det vore så stor pågang på framsyningane. Valdres barne-og ungdomsteater er i hektisk innspurt før premieren på Hakkebakkeskogen fredag. No er det berre siste finpuss som står att før publikum fyller salen for å oppleve Klatremus, Mikkel Rev, ei flygande Bestemor Skogmus og alle dei andre dyra. 50 elever Sidan jul har om lag femti elevar frå heile Valdres møttest for å øve inn replikkar og dansetrinn.