Med Snøhetta på laget

Med Snøhetta på laget

Utstillingsopning i Valdres med Snøhetta på laget

Pressemelding frå Valdres Folkemuseum

23. april opnar nye basisutstillingar ved Valdres Folkemuseum på Fagernes. «Rotasjon» rommar heile tre utstillingar: ei temporær utstilling, ei utstilling av drakter og gjenstandar frå Norsk institutt for bunad og folkedrakt, og ei utstilling med gjenstandar frå samlingane til Valdres Folkemuseum.

 Foto: Solveig Lund/Norsk Folkemuseum. Fotoredigering: Snøhetta.
Foto: Solveig Lund/Norsk Folkemuseum. Fotoredigering: Snøhetta. Det er arkitektkontoret Snøhetta som har designa utstillingane på Valdres Folkemuseum. Utstillinga romar drakter og gjenstandar frå Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Valdres Folkemuseum sine rike samlingar. 

Norsk institutt for bunad og folkedrakt har sidan 1947 drive eit nasjonalt dokumentasjonsarbeid på bunad og folkedrakt. Utstillinga fortel historia om pionerane i bunadhistoria, både dei som fyrst byrja bruke bunad og dei store førebileta. Utstillinga har eit særleg fokus på dei kvinnene som gjennom heile 1900-talet har reist land og strand rundt for å dokumentere og utforske tradisjonell draktskikk. I tillegg til kjente førebilete som Hulda Garborg og Aagot Noss, møter vi også kongelege førebilete i bunad, som dronning Maud og dronning Sonja. I utstillinga blir også beltestakken til H.M. Dronning Sonja stilt ut.

 

«Rotasjon» er òg ein hyllast til handverkaren og alt det vakre han har skapt. «Rotasjon» rommar derfor gjenstandar frå den rike samlinga til Valdres Folkemuseum, og innlån frå andre institusjonar og private eigarar. Her får de sjå utviklinga i folkekunsten i Valdres gjennom tusen år – frå mellomalderske kyrkjebenkar til 1700-talsklede og vakre musikkinstrument. Utstillinga viser korleis lokal kultur står i spennet mellom det heimlege og impulsane utanfrå. I sentrum ¬finn vi handverkaren – han som roterer rundt sin eigen tradisjon – og som leikent sveiper med seg det han finn på vegen.

 

Det er det anerkjente arkitektkontoret Snøhetta som har designa utstillingane, og dei er finansierte med støtte frå Kulturdepartementet, Innlandet fylkeskommune, Stiftelsen Aunebu kunstsenter, Fritt Ord, Norsk kulturråd og UNI Stiftelsen.  

 

Den offisielle opninga fredag 23. april 2021 er for eit avgrensa antal inviterte, og utstillingane er ope for alle frå 24. april. Valdres Folkemuseum held ope alle dagar unntatt måndagar etter opninga.

 

Velkomen!

Nye basisutstillingar ved Valdres Folkemuseum med Snøhetta på laget

Fototekst: Det er arkitektkontoret Snøhetta som har designa utstillingane på Valdres Folkemuseum. Utstillinga romar drakter og gjenstandar frå Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Valdres Folkemuseum sine rike samlingar. 

 

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

nineteen − fifteen =