Trollrock held fram!

Trollrock held fram!

 

Trollrock kom frå det med æra i behald denne gongen også. No ser festivalsjefen, Trond Rogne (bildet over), framover. 

 

Tekst: Marianne Granheim Trøyflat/foto: Roy Myrland

 

  • 75 stykk har stilt opp på tre vekers varsel.Mange er der i ei heil veke og ligg i telt eller campingvogn, seier Rogne, som ikkje får fullrosa dei frivilige som stiller opp og dugnadsånden dei viser. 
  • Det er Trollrock si styrke nummer ein, konstaterer han. 

 

Det var ikkje klart før 5.juli at Trollrock-gjengen ville få støtte frå Kulturrådet, og dermed ha økonomiske musklar til å gjennomføre arrangementet i år.

 

  

Grunnfjell

Opphavleg var planen at Trollrock skulle ha tiårsjubileum i 2020, og så avviklast. Men jubileumsfestivalen måtte vente på grunn av korona. 

 

No har arrangementet gått av stablen for tiande året på rad, men Rogne har ombestemt seg. Han vil ikkje kaste inn handkleet likevel. 

-Vi har fått inn eit styre og eit grunnfjell i Trollrock-familien, slik at det ikkje kviler så mykje på mine aksler lenge. Da blir det ikkje så mykje mentalt stress, forklarar han. 

 

-Fantastisk innsats

Det vart naturlegvis ei spesialutgåve av festivalen denne gongen. Alle påkravde korona-tiltak var på plass og vel så det. Publikum var delt inn i fire kohortar og skulle sitja mest mogleg ved tilvist bord. Servering skjedde også ved bordet. 

 

Bestilling av mat og drikke vart organisert via app på telefon. Om nokon innimellom hadde problem med å få opp heile menyen, kan Rogne opplyse om at dette hadde ei naturleg forklaring. 

– Ein person stod åleine med matutsalet for 800 personar. Ho gjorde ein fantastisk innsats. I blant måtte systemet stengast for å ta unna bestillingar, forklarar Rogne. 

 

-Praktfullt

Trollrock har sidan 2010 halde til på Beitostølen, men vart denne gongen avvikla på Fagernes. Rogne angrar ikkje på det. 

  • Eg synest området er praktfullt. Det er tettbygd strok, men har samstundes utsikt mot fjellet og det ligg ved stranda. Det er ein kosleg plass å vera, slår festivalsjefen fast.

 

Han vil korkje avkrefte eller stadfeste at han har planar å leggje Trollrock til Fagernes seinare, men er tydeleg på at det blir Beitostølen i 2022. 

  • Det er dit billettane er selde, opplyser han.  

 

Koronatilfelle

Billettane vart utselde og stemninga var god både fredag og laurdag kveld. Dei frammøtte trykte publikumskjære artistar som Vamp, Staut og Odd Nordstoga til regnkledde bryst, og vergudane viste stod nåde.

 

Eit skår i gleda var det likevel, at det er påvist eit tilfelle med koronasmitte etter festivalen.

-Det var ei nedslåande melding å få. Veldig kjedeleg. Vi vil ta kontakt med alle billettkjøparane, seier Rogne. 

 

Tre nær kontaktar er testa. Lenke til Nord-Aurdal kommune si info-side om korona her 

 

Gode tilbakemeldingar

Rogne er elles nøgd etter festivalen, også med det økonomiske resultatet. 

  • Eg trur vi endar på cirka tre hundre tusen i pluss, seier han. 

 

Han er glad han sjølv fekk tid til å gå rundt å prate dei frammøtte under konsertane. Basert på tilbakemeldingane er han overtydd om at han saman med kollegaene levert noko valdrisane har venta på. 

  • Eg gjekk ein del rundt og det var berre kompliment, smil og lykkeønskingar. Publikum oppførte seg eksemplarisk og tilbakemeldingane har vore enorme, slår generalen for Trollrock, Trond Rogne fast. 

 

   

 

  

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

five × two =