Frå Byfesten med mellom anna ein ny og to gamle «travara».

Frå Byfesten med mellom anna ein ny og to gamle "travara".
Først.. Les du gratis? -Bli gjerne abonnent på Langsvei.no og bidra til fleire slike artiklar her. https://www.langsveien.no/abonnement/

Fagernes Byfest 2024 vart ein dundrande suksess med tusenvis av smilande valdrisar og tilreisande som fylte «solskinnsbyen» den 7. september.

Biletet over: «-Det er sjele viktigt» -Kjell Ivar Andersen og Liv Sørhus Ulsaker hadde med seg bøkar frå Kvitvella Forlag på Skiferplassen. -Det er sjele viktigt at folk kjøper og les det me gir ut frå forlaget seier dei to. https://kvitvella.no/

Skiferplassen var hovudpunktet for aktivitetar og stands, men det yret òg av liv i parken ved Strandefjorden, kulturhuset «Trykkeriet» og i ulike næringslokalar. Byfesten markerer Fagernes 10-årsjubileet sitt som by, og heile arrangementet er eit fellesskapsløft, der frivillige og dugnadsfolk bidreg sterkt. Valdres Gatebil og andre «bilfrelste» fylte òg bra opp med sjåverdige doningar i alle aldrar under arrangementet.

Arrangementet, som starta for sju år sidan, samla kulturelle og kommersielle aktørar, foreningar og lag. Vestre Slidre turngruppe stod for imponerande oppvisningar i parken, medan skateparken offisielt vart opna under festen.

Eit høgdepunkt var utdelinga av kulturprisen til Nord-Aurdal kommune for 2024 til Ola Helge Fløene, som fekk prisen for det store arbeidet sitt med digitalisering og slektsgransking. I mediebiletet møtte me to gamle travara, ordførar Knut Arne Fjelltun og Lars Isachsen Jemterud frå Valdres Gatebil, saman med ein ny aktør, Vegar Gladheim Vesterås frå ValdresBil A/S. Desse vart intervjua av Roy Myrland frå nettavisa Langsveien.no i innslaget under.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

13 + seventeen =