Lokal løysing for massedeponering nord for Fagernes
Brøtaskogen Massedeponi A/S er strategisk plassert langs Fv. 51 ved Sebufjorden, litt nord for Fagernes.
Skismørjaren og skigardsbyggjar Thomas Fenne frå Øystre Slidre har levert skigarden som gir ei ryddig og fin ramme mot Fv. 51.
Anlegget har vore under planlegging sidan 2019 og har vorte oppretta som eit lokalt svar på dei nasjonale krava om å levera overskytande massar frå bygg- og anleggsprosjekt til godkjende deponi. Før denne etableringa, måtte entreprenørar i området frakta masse heilt til Gjøvik for deponering.
På Brøtaskogen blir massane som blir leverte, nøye sortert. Dei massane som er eigna for gjenbruk, blir selde vidare til anleggs- og vegprosjekt, medan resten blir deponert. Vinterstid vil anlegget ta i mot snø og deponere den i den nordre delen av området. Når området etter kvart er fylt opp med omtrent 300 000 m³, vil det no same høgd som fylkesveg Fv. 51. Det opnar moglegheit for framtidig bruk av området til industri eller næringsverksemd.
For å sikra ei ansvarleg handtering av deponerte massar, blir det kravd dokumentasjon i tråd med gjeldande lover og forskrifter. Brøtaskogen Massedeponi A/S overheld alle desse krava for mottak og behandling av reine massar.
I tillegg til deponering, tilbyr Brøtaskogen Massedeponi A/S sal av sorterte massar og grus til både private og bedrifter. -Ved no å kunna tilby grus og masse lokalt ved Fagernes, kan køyreturar med traktor og bil blir redusert for private og firma, noko som er med og kan vera eit lite bidrag til betre klimarekneskap, fortel Ola Kjørlien i Brøtaskogen Anlegg A/S til nettavisa Langsveien.no.