Valdres kan no ynskje eit nytt og spennande kreativt tilskot velkomen.
Kristine Flatland, ein erfaren grafisk designar og merkevareekspert, har starta sitt eige microstudio, Studio Flatland, i Onstadgården på Fagernes.
Med fokus på strategisk merkevarebygging, grafisk design og tekstforfatting, håpar Flatland å hjelpa både lokale og nasjonale verksemder med skreddarsydde og unike tenester. Flatland, opphavleg frå Larvik, har brei erfaring innan design og merkevarebygging.
Annonsørar: Peppes Pizza Hovrud Auto og Hovli Auto AS
Etter fleire år i store selskap, valde ho no å ta steget ut som frilansar. Flyttinga til Valdres kom naturleg etter at kjærasten fekk jobb i området, og med hennar sterke kjærleik til fjellheimen var valet lett. – Valet om å flytta hit var enkelt, sjølv om kortare veg til toga freista i Ål. Etter mange år med tilknyting til fjella gjennom m.a. Vinjerock, føltest det heilt naturleg, seier Flatland.
Skreddarsydd merkevarebygging med historieforteljing i fokus.
I Studio Flatland legg Flatland stor vekt på historieforteljing som grunnlaget for merkevarebygging. Ho meiner at det som verkeleg betyr noko for ei verksemd, er kva folk seier om bedrifta når dei ikkje sjølv er til stades. Dette meiner ho er langt viktigare enn fine logoar og fargar.
– Logoar og fine fargar betyr lite i det lange løp.
Det som tel, er korleis folk oppfattar og snakkar om merkevara di, understrekar ho. Flatland har allereie inngått samarbeid med fleire verksemder, både lokalt og nasjonalt, og tilbyr skreddarsydde løysingar for å hjelpe bedrifter med å byggje ein sterk og autentisk identitet. Ho set pris på fridomen ho no har som sjølvstendig næringsdrivande, og håpar at Studio Flatland kan bli ein viktig aktør innan merkevarebygging i regionen.
Kontakt og opningstider
For dei som vil lære meir om Flatland sine tenester, er det enkelt å ta kontakt.
E-post: hei@studioflatland.no
Opningstider: Måndag til fredag 08:00 – 16:00
Instagram: @studioflatland
Med sitt nye studio midt i Fagernes, ser Kristine Flatland fram til å bidra til det kreative miljøet i Valdres og vidareutvikle merkevarer med personleg preg og gjennomtenkte strategiar.