Trond med innertiar i artistvalet.

Trond med innertiar i artistvalet.

Første artistslepp for Trollrock 2025 er ein verkeleg fulltreffar, med artistar som garantert vil gi heilt unike konsertopplevingar.

 Annonsørar: Valdresbil As Hovrud Auto Hovli Auto AS og Thunberg Entreprenør A/S @

Det er berre å gratulera Trond Rogne og resten av Trollrock-familien med dagens artistslipp! Det som mange ser på som kremen av norske artistar, er no booka for festivalen i juli 2025. Og, om ca. 14 dagar blir resten av artistane presentert som skal vera på Trollrock.

Festivalen går av stabelen torsdag 24. juli, med Bjørn Eidsvåg som opnar kvelden. Same kveld vil òg Jo Nesbø og Di Derre skapa stemning. Fredagen byr på Marit Larsen og Hellbillies, før Staut avsluttar kvelden. Laurdag blir avrunda med ein avskjedskonsert frå Åge Aleksandersen & Sambandet, som for siste gong står på Trollrock-scena.

Festivalsjef Trond Rogne er stolt av å kunna tilby eit program som omfamnar Trollrocks røter og folkefesttradisjon. «Me gler oss til å dela denne opplevinga med publikum,» seier Rogne, som lovar ei minnerik oppleving for alle.

https://www.trollrock.no/program

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 × 1 =