49 år ved høvelen.

49 år ved høvelen.

Tømmer som blir hoggen i norske skogar, blir ofte transportert ut av området det kjem frå for vidare foredling. Dette betyr at verdiskapinga – den økonomiske gevinsten frå å omarbeida tømmeret – skjer eit heilt annan stad enn der tømmeret vart hogget. Resultatet? Lokalsamfunna mistar både potensielle inntekter og arbeidsplassar.

Artikkelen er skreven med støtte frå:Annonsører: Montér Kvismo SPAR Beitostølen Vigas- Valdres Industrigulv AS og Hovrud Auto

På Fagernes gjer derimot Øystein Meisdalen sitt for å halda noko av verdiskapinga igjen i kommunen og dalføret der tømmeret har grodd. Han driv Tingnes Sag og Høvleri A/S, som har vore på Tingnesodden ved Fagernes sidan 1950-talet, etter at det vart starta i Etnedal i 1911. Øystein har hatt arbeidsplassen sin der, og vore ein del av verksemda sidan 1975. Han omarbeider materiale for kundar som trenger spesielle profilar material til ulike byggjeprosjekt, noko som gjer at lokale ressursar kan brukast lokalt framfor å bli send bort.

Bedrifta hans er utstyrt med ei høvelmaskin frå 1990 som kan gjera sju operasjonar samtidig på plankane som blir omarbeidde. Viss han ikkje har nøyaktig den profilen kunden etterspør, lagar han ein som passerer. Mykje av arbeidet hans handlar om å tilpassa materiale til restaureringsprosjekt, sidan mange eldre profilar ikkje lenger er tilgjengeleg gjennom vanlege byggjevarehus.

Dei siste åra har Øystein Meisdalen merka ein auke i talet på kundar som ønskjer å få høvla materiale dei sjølv har skåra heime. Han trur denne trenden delvis kjem av prisauken i trelastbransjen, som har gjort det meir attraktivt for folk å sjå etter lokale og meir kostnadseffektive løysingar. Dessutan har nok dei nye båndsagene bidrege til at fleire sjølv skjer materiale frå eigen skog.

Øystein får av og til hjelp frå storebror Knut Meisdalen i verkstaden, som bidreg i verkstaden dei gongene det trengst ein hendug mekanikar.  Saman deler dei gode historier frå oppveksten på garden i Meisdalen i Skrautvål og minner frå livet med sauedrift «aust i fjellet.» For brørne Meisdalen er arbeidd på høvleriet meir enn berre ein jobb – det er ein måte å verna verdiane av lokalsamfunnet og historie på, samtidig som dei sikrar at ein del av verdien av tømmeret blir verande der det har røtene sine.

https://www.tingnessag.no/

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

1 kommentar


  1. Den flinkeste høvelmesteren jeg kjenner.
    Meget dyktig herremann, som jeg har hatt gleden av å samarbeide med i 16 år.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 × 1 =