Spenninga stig, og i kveldinga den 21. kjem avgjerda.

Spenninga stig, og i kveldinga den 21. kjem avgjerda.
Marit Beate Kasin nominert til Brageprisen 2024 for «Naturparadokset»

Hundekjøyrar, journalist og friluftsmenneskje Marit Beate Kasin frå Øystre Slidre kommune er ein av dei åtte nominerte i klassen for sakprosa til årets Bragepris. Med si viktig bok «Naturparadokset» tek Kasin opp det samansette forholdet mellom folk og natur, eit tema som treff tidsanda og engasjerar breitt.

Annonsørar: Visitgjende – Besseggen Sporten Beitostølen og Lodge 900

Brageprisen, som i år blir delt ut for 32. gong, er ein av dei mest prestisjefylte litterære prisane i Noreg. Sidan starten i 1992 har prisen hatt som mål å heidre framifrå norske forfattarskap og skape meir interesse for norsk litteratur. Prisdelinga skjer torsdag 21. november på Vulkan Arena i Oslo.

Prisen blir delt ut i fire kategorier: skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, sakprosa og sakprosa for barn og unge. For meir informasjon om dei nominerte og prisutdelinga, sjå www .brageprisen .no .

Du kan òg sjå Roy Myrland sitt intervju med Marit Beate Kasin i nettavisa Langsveien.no, der ho fortel om kvifor ho skreiv boka: Sjå intervjuet her .

 

 

 

 

 

 

 

ein, besøk ww

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

thirteen + fifteen =