Sjølv om dei fleste fjellstover i høgfjellet held stengt for sesongen, er det langt frå ferietid for dei som driv desse stadene. På Bessheim Fjellstue i Vågå har Kari Lund og Bjørn Ekerbakke (bilete over) hendene fulle med vedlikehaldsarbeid og førebuingar før vintersesongen startar 7. februar 2025.
Artikkelen er skrevet med støtte fra: Vigas- Valdres Industrigulv AS Wangensten As og Eivind Lyseng
– I år har me totalrestaurert peisestova vår, fortel Bjørn Ekerbakke. – Både inventar og golv blir «som nytt». Me har reparert skap, utskjeringar og gitt klebersteinpeisen vår eit løft. Det største prosjektet har vore å ta opp det gamle golvet, isoleret mot kjellaren, og leggja nye golvbord.
Dei nye golvborda er laga av kortreist villmarkspanel frå Randsverk, omarbeidd av finsnekkerar frå Gjendebåtene, Ole Cristian Vaberg, Odvar Øien og Rune Øvstedal. – Dei skjer og høvlar til panela med ein presisjon som gjer alt perfekt. Til og med hol etter skruar blir plugga og limd, stadfesta Ekerbakke.
Etter oppgraderinga treng det no minimalt med oppvarming i stova, noko som både er miljøvenleg og praktisk i dei kalde vintermånadene. Når dørene igjen blir opna i februar, vil ein møta ei oppgradert og og «ny» peisestove Bessheim Fjellstue, klar for nye opplevingar i fjellheimen.