Latterskalaen vart sprengd og «hallelujastemninga» var ekstatisk i det gamle bedehuset i Havna.

Latterskalaen vart sprengd og "hallelujastemninga" var ekstatisk i det gamle bedehuset i Havna.

Det blir utruleg mange gamlingar i Nevlunghavn lengst sør i Larvik kommune, om det stemmer at ein god latter forlengjer livet. I det gamle bedehuset, i den idylliske fiskarlandsbyen, har latterskalaen vorte sprengd og «hallelujastemingen» har vore skyhøg denne veka.

Ein ide, tankar på servietten?
Nytt frå fjøsgolvet – eller parketten?
Me er alltid på jakt
etter tips – ta kontakt
og Langsvegen er lynraskt på pletten!

Fotoserie med 33 bilete med kommentarar i botn av artikkelen.

Biletet over: No har det «teke heilt av» i Nevlunghavn for Dag Arild Bakken (biletet over) og alle de andre i revygjengen Foto: Lise Reng / Nesjar Teater- og kulturforeining og Brunlanesrevyen 2025.

PaaNeset (På Brunlaneset) heilt lengst sør i Vestfold, var det ein magisk og glodheit stemning i det gamle bedehuset i Nevlunghavn– no kjent som Nevlunghavn grende- og kulturhus – då Brunlanesrevyen 2025 vart spelt på scena der denne veka. Det som av mange publikummarar blir beskriven som tidenes suksessforestillimng på bedehuset i Havna, vart produsert av ein gjeng på ca. 30 dedikerte personar i Nesjar Teater- og kulturforeining.

Glede er smittsamt og denne gjengen har smitta mange med den store innsatsen sin for å underhalda og gle fellesskapen. Bak frå venstre:Grethe Oppedal, Anita Baann Hovd, Hilde Nordrum, Tiril Nordrum Salvesen, Synnøve Slettebakken, Tom Berge Hansen, Cecilie Waale, Erik Waale Brendsrud, Steinar Hovd, Terje Slettebakken, Hasse Klingstedt, Dag Arild Bakken, Magnus Baann Hovd, Åsmund Brøvig, Jan Gisle Nomme Foran fra venstre: Øystein Evensen, Hilde Sannerholt, Gro Mimi Helland, Ingrid Hamberg, Birgitte Gulla Løken, Kim Klingstedt og Lilith Ywon KlingstedtFoto: Lise Reng / Nesjar Teater- og kulturforening og Brunlanesrevyen 2025.
Glede er smittsamt og denne gjengen har smitta mange med den store innsatsen sin for å underhalda og gle fellesskapen. Bak frå venstre:Grethe Oppedal, Anita Baann Hovd, Hilde Nordrum, Tiril Nordrum Salvesen, Synnøve Slettebakken, Tom Berge Hansen, Cecilie Waale, Erik Waale Brendsrud, Steinar Hovd, Terje Slettebakken, Hasse Klingstedt, Dag Arild Bakken, Magnus Baann Hovd, Åsmund Brøvig, Jan Gisle Nomme Foran fra venstre: Øystein Evensen, Hilde Sannerholt, Gro Mimi Helland, Ingrid Hamberg, Birgitte Gulla Løken, Kim Klingstedt og Lilith Ywon KlingstedtFoto: Lise Reng / Nesjar Teater- og kulturforening og Brunlanesrevyen 2025.

Desse har bidrege til artikkelen: Valdres Bakst As Beitostølen Resort Hovrud Auto Snøservice As Abrahamsen kjøttforretning Nevlunghavn Bakeri Conditori KIWI Meny Stavernog Gjendebåten 

Tom Berge Hansen er regissør for framsyninga og Steinar Hovd er initiativtakar og prosjektleiar. Saman med leiar Anita Baann Hovd i foreininga har dei fått absolutt alle dei medverkande, både på og bak scena, til å prestera på eit svært høgt nivå. Dette var framsyninga der alle aktørar var absolutt den beste varianten av seg sjølv. Det har dei totalt ca 500 publikummarane på dei fire framsyninga sett pris på. Framsyninga blir beskriven som ein overveldande og flott miks av skjemt og alvor i skjønn foreining.

Ei heilt spesiell oppleving var Cecilie Waales rørande song og sterke hyllest til den nyleg avdøde heidersmannen og sambygdingen Dag Erik Pedersen. Med stemma si klarte Cecilie å skapa uforgløymelege minne og heidra eit stor medmenneske frå Helgeroa, noko som rørte publikum djupt – tårer og sterke kjensler prega augneblinken.

«Trykk på knappen» (ref. The Voice) og «outsanding» var songprestasjonen til den snart 18 år unge «gullstrupen» Tiril Nordrum Salvesen. Ho song «Eg har båt», om korleis ferga «Skjæløy» er ein fristad på sjøen for dei som jobbar der, samtidig som han fraktar turistane mellom Helgeroa og Langesund om sommaren. Sjølv om det absolutt ikkje var kaldt inne i bedehuset var gådsehudfaktoren høg då stemma hennar fylte rommet.

Det var likevel Magnus Bann Hovd som verkeleg sprengde latterdørene i det gamle bedehuset. Hans morosame tolking og kreative «crossdressing» som «badegjest» og  fin frognerfrue i butikken, i lag med Hasse Klingstad, heva latterskalaen til himmels.

«Halleluja» stemning og den største «by på seg sjølv» faktoren var det Dag Arild Bakken (biletet over) som stod for. Vanlegvis er han kjend som lokal kjøpmann og diskenspringer på MENY Søndersrød, og debuten hans i Brunlanesrevyen 2025 verkeleg overraska. Med eit skeivt blikk på både kropp og sjel, og med støtte frå dei solide hjelparane sine i revyen, vart innsatsen hans beskriven som den mest imponerande i det gamle bedehuset under framsyninga.

Men det største og finaste med Brunlanesrevyen 2025 var at absolutt alle, både bak og på scena, leverte den beste varianten av seg sjølv – til stor glede for publikum og for at dei bidrog med å styrkja samhaldet i den sørligaste utkanten av Larvik kommune. Leiar Anita Bann Hovd og resten av Nesjar Teater- og kultuforening og andre involverte minne oss om kor viktig fellesskapet i teater og revy miljøet er for distrikts- og bygdenorge, spesielt i ei tid der skjerm og einsemd ofte tek over for ekte fellesskap og frilynt moro.

Med ein stappfull sal og ein kveld fylt med latter, tårer og ekte engasjement, var Brunlanesrevyen 2025 ei storhending som vil bli snakka om lenge. Og no ser me spent fram mot Nesjar Teater- og kulturforeinings neste prosjekt med arbeidstittelen «80 årsjubileumet for frigjeringa i -45». Dette er tidenes suksess på bedehuset i Havna, og ein kveld me seint vil gløyma!

Ein ide, tankar på servietten?
Nytt frå fjøsgolvet – eller parketten?
Me er alltid på jakt
etter tips – ta kontakt
og Langsvegen er lynraskt på pletten!

Lise Reng sin fotoserie viare under har kommentarar skrevne av Roy Myrland.

Ein ide, tankar på servietten?

Nytt frå fjøsgolvet – eller parketten?

Me er alltid på jakt

etter tips – ta kontakt

og Langsvegen er lynraskt på pletten!

Limerick: Per Nordigarden 2025.

 

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

nineteen − one =