Det er igjen blomstrande vår på Slidreøya – Ærlighetens Marked fyller seg opp!
Våren har vakna i Valdres, og det betyr éin ting: Blomstersalet frå Vestoppland fengsel, avdeling Slidreøya, er i gang igjen! På melkerampa på Fagernes bugnar det no av stemorsblomar i alle fargar, klare til å pryde trapper, verandakassar og hagar.
Utover våren vil utvalet berre bli større. Etter kvart kjem det både paprika, chili, mais og fleire typar gresskar, når dei er klare for sal. Alle plantane er dyrka fram med tolmod og kjærleik av innsatte ved fengselet.
Ærlig handel og ekte hageglede
Både på Fagernes og ved vegen på Slidreøya er salet basert på tillit. Du plukkar det du vil ha, og betaler i kassa eller via Vipps. Enkelt, ærleg – og særs populært både blant tilreisande og lokalbefolkning.
Så enten du er på jakt etter årets første blomar, eller berre vil støtte eit prosjekt som gjer godt både for folk og plantar – ta turen innom Ærlighetens Marked. Våren spirer – og det same gjer innsatsen på Slidreøya.