«Kåre Johan» og «Gjendine» ventar på deg – Gjendebåtene i gang med sesongen og neste helg er det Besseggløpet.

#Gjendebåtene #Besseggen #Besseggpatruljen #BeitostølenAktiv #VisitBesseggen #Valdresflye #Gjende #Memurubu #Besseggløpet #Fjelltur #NorskFjellferie #LangsVegenNo

Skipper Harald Rune Øvstedal og mannskapet på dei ikoniske gjendebåtane har starta sesongen for fullt.

Artikkelen er skrive med annonsestøtte frå Lodge 900 Beitostølen, Bessheim Fjellstue, Fjelltun Transport og Beitostølen Anlegg.

Allereie på opningsdagen 7. juni reiste fleire hundre passasjerar frå Gjendeosen til Memurubu – startpunktet for mange som vil oppleve den spektakulære turen over Besseggen. No er både båtruta og Besseggpatruljen i gang, og neste helg går det tradisjonsrike Besseggløpet av stabelen – ein styrkeprøve for dei spreke.

Skipper Harald Rune Øvstedal har losa «Kåre Johan» og «Gjendine» trygt ut på Gjende – sesongen er i gang! Allereie opningsdagen 7. juni reiste fleire hundre passasjerar frå Gjendeosen til Memurubu, der mange startar turen over Besseggen. Også årets Besseggpatrulje frå Beitostølen Aktiv er i sving og sørger for at fjellvandrarar kjem seg trygt ned frå den luftige ruta. Det er planlagt rundt 50 patruljeturar i sommar.

Parkering ved Reinsvangen blir administrert av Visit Besseggen – Valdresflye, som òg tilbyr shuttlebuss og driv kaféane på både Valdresflye og i Gjendeosen. Billettar til gjendebåtane kan bestillast på gjende.no.

#Gjendebåtene #Besseggen #Besseggpatruljen #BeitostølenAktiv #VisitBesseggen #Valdresflye #Gjende #Memurubu #Besseggløpet #Fjelltur #NorskFjellferie #LangsVegenNo

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

sixteen − nine =