No opnar Litteraturtunet i Valdres – eit ekte eventyr i Volbu!
Artikkelen er laga med støtte frå: – Hovrud Auto – lokal bilforhandlar med fart på framtida– Hovli Auto – trygg på vegen i Valdres og MENY Stavern – lokalmat og handlelyst i ferie og solskinnsbyen
Biletet over: Odd Arne opnar døra til «teateret» på vidt gap når dukketeateret skal spilles der lørdag 14. juni
Fredag 14. juni kl. 12.00 inviterer eigar og eldsjel Odd Arne Rudi til høgtideleg opning av Litteraturtunet i Øystre Slidre – nærare bestemt «i den venaste bygda av dei alle»: Volbu.
Artikkelen er laga med støtte frå: – Hovrud Auto – lokal bilforhandlar med fart på framtida– Hovli Auto – trygg på vegen i Valdres og MENY Stavern – lokalmat og handlelyst i ferie og solskinnsbyen
Litteraturen som høyrer heime i Valdres
Midt mellom gamle tømmervegger, trauste takbjelkar og eit glødande engasjement for bygdehistorie, har Rudi – på sin eigen eigedom i Bygdinvegen 1830 – bokstaveleg talt bygd eit eventyr! Her er gamle hus og byggeskikkar blitt til kulturhistoriske perler, og no blir tunet fylt med litteratur, forteljarglede, dukketeater og inspirasjon.
Forfattarar og forteljarar frå fjern og nær står klare til å skape magiske augeblikk – i ei ramme som knapt kan bli meir valdris. Det er på høg tid at litteraturen i Valdres får sin rettkomne plass i lyset. Gjennom tidene har me hatt forfattarar og diktarar her, som henta kraft og inspirasjon frå dalføret og fjellheimen. Noen av dei er:
– Henrik Ibsen sitt ville bukkeritt over fjella
– Lars Isachsen Jemterud si vise om råning på Fagernes-stripa
– Mikkjel Fønhus sine uforgløymelege skildringar av natur og dyreliv
– Og ikkje minst Margit Sandemo sine fantasifulle forteljingar – mange av dei blei til på cafebordet i 2. etasje på Fagernes.
No får både arv og framtid sitt eige Litteraturtun – ein stad for skrivarar, lesarar og nysgjerrige sjeler. .
Arrangementet er ein del av Volbudagen – ei feiring av bygda, historia og det levande kulturlivet. Når Litteraturtunet rundar av, held dagen fram med meir program, aktivitetar og opplevingar rundt omkring i Volbu.
Og visste du at Moane, også er ein del av Volbu? Her ser ein korleis både gamle tradisjonar og nye idear møtest – og det er nettopp det Odd Arne Rudi vil vise fram denne dagen. Velkomen til ein dag der litteraturen får leve – midt i hjartet av Valdres!
Ære til ein ekte pådrivar. -Odd Arne Rudi gjer unna dei siste spikerslaga på plattingen framfor «teateret». At han legg never under terrasseboda, vitnar om ein mann med dyptpløyande kunnskap om gamle byggeskikkar – og ein brennande respekt for historia.
🎟️ Fullt program og billettinfo finn du nedanfor – her er det berre å merke av datoen og glede seg til ein bokstaveleg talt eventyrlig dag!