Podkastepisode. -Heile veka, heile året på Beitostølen.

Podkastepisode. -Heile veka, heile året på Beitostølen.

Bjørnar Hovi (biletet) vaks opp midt i reiselivet på Beitostølen – og har halde fram der far hans slapp. Saman med broren Atle tok han over Beitostølen Resort i 2014, etter faren Steinar Hovi, ein pioner innan norsk fjellturisme.

Biletet over er frå sommarparken på Beitostølen. Tilboda i slalåmbakken er populære blant familiar og andre som vitjar fjellbygda.

Dei to brørne har sidan barndommen vore tett på gjestene og utviklinga av reiselivet i bygda og Valdres, og Bjørnar har framleis blikket vend mot framtida. I denne episoden blir du betre kjent med han – og med visjonen om ein destinasjon som lever heile veka, heile året. Med fleire og fleire utanlandske besøkande som har oppdaga dei unike verdiane på Beitostølen, har fjellbygda fått nytt liv – også langt utanfor høgsesongen.

 Podkasten er produsert med annonse­støtte frå: Beitostølen Anlegg A/S, MENY Søndersrødtunet og Fjelltun Sandtak og Transport. Programleiar:  Roy Myrland, redaktør.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

four − two =