Sølv, sau og sommarblomar på Høvda

Sølv, sau og sommarblomar på Høvda

På den gamle husmannsplassen Høvda i Øystre Slidre bur og arbeider Inger Norunn Solhaug – sølvsmed, hageentusiast og sauebonde.

Takk til annonsørane: Meny Søndersrød, Helgeroa Valdres Bakst As og Fjelltun Sandtak og Transport A/S

På den gamle husmannsplassen Høvda i Øystre Slidre bur og arbeider Inger Norunn Solhaug – sølvsmed, hageentusiast og sauebonde.

Ho driv verksemda Høvda Sølv, der ho lagar bunadssølv og smykke for hand, både til faste kolleksjonar og på bestilling (biletet over).

 Inger Norunn har med seg to tilsette, begge i om lag 50 % stilling, som har vore med henne i over 30 år her på Høvda. Dei tre utgjer eit lite, men dedikert team som held handverkstradisjonen i Valdres levande.

Ved arbeidsbenken lagar ho blant anna kopiar av gamle unike smykke – som den vakre halsknappen frå Sebuødegården i Skrautvål, truleg frå slutten av 1700-talet. Knappen vart ein gong analysert av sølvsmeden Knut Fossen Helle (1923–2001), som meinte det ikkje var utankeleg at sølvet i knappen kunne vere av det såkalla «tyvsølv» – sølv som i si tid vart smugla ut frå Kongsberggruvene av gruvefolk, og som sidan fann vegen til bygdene der det vart smelta om og forma til sølvsmedkunst som søljer og knappar. No har halsknappen fått nytt liv gjennom Inger Norunn sitt handverk – med både glans og ei god dose historie i metallet.

Men det er meir enn sølv som glimrar her – tunet bugnar av blomster i alle fargar om sommaren, takka vere hennar grøne fingrar. Og rundt garden beiter sauene hennar fritt i det bratte og vakre kulturlandskapet. Ho er like mykje budeie som bunadssølvsmed, og held garden levande på fleire vis.

NB! Tilkomst-info: Den vanlege vegen til sølvsmia er mellombels stengd på grunn av ombygging. Kjem du frå Øystre Slidre og fylkesveg 51, tar du av mot Dale og følgjer vegen vidare mot Vestre Slidre – der finn du skilt til sølvsmia. Sjå her.

Livet på Høvda vart også dokumentert i NRK-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.
🎥 Sjå episoden her: NRK TV – Høvda (S10E1)

#HøvdaSølv #Sølvsmed #Valdres #Bunadssølv #Håndverk #Sauebonde #Kulturarv #NRKDerIngenSkulleTru #Søljer #Skrautvål #Kongsbergsølv #Tradisjonshandverk #NorskDesign #VisitValdres

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

fifteen + eighteen =