Trollrock dag 2: Alt stemmer! -Sol, folkefest og full musikkmagi på Beitostølen

Trollrock dag 2: Alt stemmer! -Sol, folkefest og full musikkmagi på Beitostølen

Andre dag av Trollrock 2025 leverte akkurat det festivalnamnet lovar – trolsk stemning, røff rock og ekte musikkglede midt i fjellheimen på Beitostølen. Tomine Harket, Hellbillies, Marit Larsen og sjølvsagt Staut i praktslag på heimebane fylte hovudscena med energi, samspel og sterke augneblikk – til stor jubel frå eit feststemt publikum.

Takk til Montér Storefoss Trio Elektro As Arves Vaktmesterserviceog Fjellvang Transport As for annonsestøtte til denne artikkelen.

På den intime Huldrescena fekk festivalgjengarane nærkontakt med lokale og nye talent – På grensen til allsang og Don’t Panic sørgde for smil, allsong og musikalsk overskot i fjellufta.

Ein folkefest – utan bråk

Og det var ikkje berre musikk og vêr som leverte: Også politiet var svært nøgd med dagen.

– Det har så godt som ikkje vore noko å gjere. Det er berre hyggelege folk her, fortalde patruljen som var innom området – og bidrog til at folkefesten på Beitostølen kunne halde fram i god tone og trygg atmosfære.

Stemninga i bilder

Frivillige haldt festivalen flytande frå morgon til kveld, publikum song med, og fjellet viste seg frå si beste side. Fotografane Stine Heimsvik og Roy Myrland har fanga stemninga – frå scenekant til publikumshav – i denne fotoserien.

Trollrock-familien held koken – og dag 2 blei ein musikalsk festdag der igjen alt stemte.

Staut. Beitostølen og Trollrock 25. juli 2025.

1

Tomine Harket. Beitostølen og Trollrock 25. juli 2025. 

På Grensen Til Allsang: Beitostølen og Trollrock 25. juli 2025. 

Marit Larsen med band: Beitostølen og Trollrock 25. juli 2025.

 

Hellbillis, Beitostølen og Trollrock 25. juli 2025.

Medlemmer
Aslag Haugen
Lars Håvard Haugen
Bjørn Gunnar Sando
Lars Christian Narum
Egil Stemkens

 

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

18 − 17 =