Åge, sol og superstemning til langt på natt. –Trollrock runda av med musikkmagi frå øvste hylle!

Åge, sol og superstemning til langt på natt. –Trollrock runda av med musikkmagi frå øvste hylle!

Laurdag 26. juli går rett inn i festivalhistoria. Trollrock-familien, leia av sjølvaste Trond Rogne, leverte ein avslutning som få – om nokon – festivalar i landet kan måle seg med. Med sol frå skyfri himmel, eit smørbrødfat av artistar og eit publikum i ekstase, var dette verkeleg ei musikalsk høgdare i fjellheimen.

Stor takk til Sporten Beitostølen Valdres Bakst AsFjellvang Transport As Hovrud Auto Hovli Auto AS og Hovrud Maskin for annonsestøtte til denne artikkelen.

Og ja – det var sjølvaste Åge Aleksandersen som runda av det heile. Ein legende på scena, som leverte eit show langt ut i sommarkvelden som fekk både gåsehud og trampeklapp. Dei som har billett til resten av turneen hans kan verkeleg gle seg – dette er ENORMT STORT!

Og midt i det heile, då ein trudde toppen allereie var nådd, fekk me ei heilt spesiell overrasking:
Jørgen Nordeng, betre kjent som Joddski, og Ingebjørg Bratland kom inn på scena som gjesteartistar i showet til Åge – og for eit løft det blei!

Joddski sette fart i scena med sitt karakteristiske nordnorske uttrykk og energiske stil. Det var beat og brei dialekt – ein kul kontrast som løfta stemninga ytterlegare.

Ingebjørg Bratland skapte på si side eit vakkert pusterom med si varme og nære røyst. Ho og Åge delte scena i eit rørande augneblink.

Saman skapte dei eit musikalsk augeblikk som me kjem til å snakke om i lang tid – eit ekte Trollrock-minne.

Kameraet fanga magien

Det var ikkje berre musikken som imponerte – heile festivalstemninga lørdag vart også fanga i bilete som kjem til å leve lenge etter at scena er pakka ned. Dei kan sjåast lenger ned i artikkelen.

Lokale tonar i solskinet med Marit Westheim

På Huldrescena fekk me ei heilt spesielle opplevingar: Marit Westheim, nylig heimflytta frå storbyen til Volbu, stilte med heilt nyskrive musikk på valdresdialekt. Publikum kosa seg i sola og dansa linedance til dei fengande låtane. Marit har lagt coverlåtar bak seg – no handlar det om hennar eigne tekstar, og det klaffa frå første tone.

Caroline Synvis – meir rocka enn nokon gong

Caroline Synvis og bandet hennar leverte ei kraftpakke av ein konsert. Musikalsk presisjon, til stadesver og ny driv gjorde konserten til eit høgdepunkt. Det nye, meir rocka uttrykket hennar kler både ho og scenen – og me gler oss til ny plate i september!

Erik Sognes – ærlig, sterkt og viktig

Så kom Erik Sognes, læraren frå Lærdal som til dagleg held til i Bergen. Med låtar om skeiv kjærleik, valfridom og det å kunne elske kven ein vil, rørte han publikum på djupet. Hans kraftfulle uttrykk og sterke tekstar fekk oss til å stoppe opp, lytte – og kjenne på noko ekte. At han også syng om jenter som blir tvangsgifta viser at han tør å ta ansvar med musikken sin.

 Eva, Odd og Sondre på hovedscena

På Trollscena var det først Eva Weel Skram som sette stemninga. Med si varme og nære formidling fekk ho verkeleg kontakt med publikum.

Deretter tok Odd Nordstoga over – og som alltid var han både artig, treffsikker og triveleg. Med låtar som alle kan nynne med på, og småprat som får oss til å smile, fekk han det til å gynge på Beitostølen.

Sondre Lerche avslutta Trollscena før Åge tok over. Han gav alt på scena – eit drivande og energisk show! Det var kanskje litt glissent framfor scena akkurat då, men det skuldast nok at artistane på Huldrescena rett og slett leverte så det ljoma i fjellsidene.

Ein stor takk til Trond Rogne

Men lat oss vera ærlege: Den verkelege stjerna er Trond Rogne. I løpet av 14 år har han, saman med Trollrock-familien, bygd opp ein festival som fortener ein plass i historiebøkene. Artistane, stemninga, vêret og organiseringa – alt har vore på topp frå start til slutt.

Og ja, festivalen gjekk med solid overskot med over 5000 besøkande, noko som betyr at me kan gle oss til Trollrock også i 2026!

Det blir festival til neste år òg, og gode norske band og artistar skal igjen få underhalde her på skistadion, seier ein smilande og stolt Trond Rogne til Langsveien.no.

Trollrock 2025 har vore ei reise full av musikk, sol, dans, kjensler – og heilt uforgløymelege bilete. Takk til artistane, publikum,6 og heile Trollrock-familien. Mø sjåast igjen neste sommar!

Om fotoserien:

Stine Heimsvik har gjennom heile festivalen stått på som ein ekte helt bak kameraet. Med stødig hand og skarpt blikk har ho foreviga alt frå intense sceneshow til dei små, ekte augneblikka i publikum – bilete som verkeleg fangar sjela i Trollrock.

Langsveien.no og Roy Myrland har i tillegg bidrege med supplerande og stemningsfulle bilete frå det som alt no vert omtala som den beste Trollrock-festivalen nokon gong. Det er takka vere desse dyktige fotografane at me no kan bla oss gjennom minnerike augneblink, og kjenne festivalpulsen på nytt.

#Trollrock2025 #Beitostølen #NorskMusikk #ÅgeAleksandersen #Festivalglede #TrondRogne #Huldrescena #Trollscena #Valdresliv #MaritWestheim #CarolineSynvis #SondreLerche #EvaWeelSkram #OddNordstoga #StineHeimsvik #LangsveienNo

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

5 + eighteen =