Lena Lisjordet frå Røn (biletet over) er ei kvinne du raskt kan omtale som ein skikkeleg valdresjente og «Superwoman». Som ein av TINE eigarane har ho og full kontroll på fjøsstell, fire ungar, stølsgjester, fulltidsjobb mellom fjøsstella– og ikkje minst Landbruksdagen på Valdres Folkemuseum, og Stølsfestivalen på Rensenn. Midt i kveldsmjølkinga, omgjeve av lukta av nyslått høy, fargerike veggmaleri og lyden av fornøgde kyr, møtte redaktør Roy Myrland henne i mjølkestallen dagen før stølsfesfestivalen brakar laust.
– Dette er ekte liv for meg, smiler Lena medan kyra får kraftfor og mjølkestraumen suser i røyra i bakgrunnen.

Saman med mannen Jan Erik, som er heiltidsbonde, har Lena drive gard i 20 år. Sjølv kombinerer ho fjøsstell med jobb som helsefagarbeidar – og rolla som mor til fire. Likevel er det livet på stølen som gjev henne mest energi.
Kunst i fjøset og ny budeiegenerasjon
Mjølkestallen på Rensenn er meir enn berre funksjonelt – det er eit lite kunstgalleri. Anneline Mauseth, søstera til Lena, har måla trivelege og fargerike motiv med kyr rett på veggane. Det skapar eit heilt unikt miljø for både folk og fe.

Denne sommaren har Lena også med seg Astri Aasen Mæland frå Lillehammer, elev ved Tomb Landbruksskule. Ho søkte jobb som budeie på stølen og stortrivst i sommerjobben på Stølsvidda
Først stølsfestival – så landbruksdag
Men det stoppar ikkje i fjøset.
Lena er også initiativtakar og arrangør av den årlege Stølsfestivalen på Rensenn, som går av stabelen 1.–3. august 2025. Festivalen inneheld konsertar i lavvo, marknad med lokalmat og handverk, og «Barnas dag» med Bondelaget og Åpen Gård.
– Det er tredje året vi gjer dette no, og det er verkeleg givande å sjå store og små møte dyr og folk på nært hald, seier ho.
Allereie laurdag 16. august, er Lena tilbake i aksjon – då på Landbruksdagen på Valdres Folkemuseum.

Landbruksdagen 2025 samlar bønder, barne familiar og matinteresserte frå heile regionen. Her blir det dyr, slåtteoppvising, gjeterhundar og aktivitetar for store og små. Arrangementet er gratis og ope for alle, og Lena ser på dagen som ein viktig møteplass.
– Det handlar om å vise fram kvifor landbruket vårt har verdi – for maten vi et, for landskapet vi elskar, og for samhaldet i bygdene våre, seier ho.
Kort oppsummert:
-
Kven: Lena Lisjordet frå Røn – gardbrukar, firebarnsmor, helsearbeidar og festivalsjef
-
Kvar: Rensenn støl, Stølsvidda og Valdres Folkemuseum
-
Når:
– Stølsfestivalen: 1.–3. august 2025
– Landbruksdagen: Laurdag 16. august 2025 -
Kva: Konsertar, marknad, lokalmat, dyr, gardsliv og ekte stølsglede

#LenaLisjordet #Stølsfestival #Landbruksdagen2025 #ValdresLiv #Stølsvidda #LangsvegenNo #Fjøsliv #NorskLandbruk #ÅpenGård #Bygdeliv #KvinneILandbruket #RensennStøl

