Måndag 18. august kl. 09.00 ringer det inn til første skuledag ved Jotunheimen Privatistskule i Lom – då vert snora klipt (sjå og høyr meir i videoen)!
Biletet over: Bård Hoksrud (Frp) støttar og heiar på Jotunheimen Privatistskule, TAFI og Hanna Gjeilo Skjåkøygard. Stig Vaagan (V) er 1. kandidat til Stortinget for Hedemark valgkrins, og stemde mot fleirtalet i Fylkestinget i Innlandet då den vidaregåande skulen i Lom vart lagt ned av Ap, Høgre og MDG.
Takk til Kari, Bjørn, Bernt Jo, Odd Arne og Harald Rune på Bessheim Fjellstue, Visit Gjende, Beseggen Beitostølen Anlegg samt Gjendebåtene for annonsestøtte til denne artikkelen og videoen.
Hanna Gjeilo Skjåkøygard frå TAFI deler gleda og stoltheita over opninga av Jotunheimen Privatistskule – ein ny skule som Tverrfagleg Arbeidsgruppe for Framtidsskulen i Innlandet har samla inn heile 70 millionar kroner til. På opningsdagen vert snora klipt, og eit nytt kapittel for utdanning i regionen tek til.
I videoen kommenterer Stig Vaagan, 1. kandidat til Stortinget for Venstre i Hedemark valgkrins samt medlem av Fylkestinget i Innlandet. Han kommenterar kva denne satsinga betyr. Intervjuet er gjort av redaktør Roy Myrland under Arendalsuka 2025.
Takk til Kari, Bjørn, Bernt Jo, Odd Arne og Harald Rune i Bessheim Fjellstue, Visit Gjende og Besseggen Beitostølen Anlegg samt Gjendebåtene for annonsestøtte til denne artikkelen og videoen.

