Med blåseutstyr på hengaren og eit stødig arbeidslag rundt seg, er Frode Bertelrud (bilete over) frå Begnadalen i full sving i Bangskleiva. Her får det gamle skulehuset nye golv, tett tak og betre isolasjon – blåst inn for full musikk.
Der E16 ein gong buldra forbi i dei bratte bakkane nord for Bagn, står det gamle skulehuset frå Klosbøle krets. No er bygget i ferd med å bli tett, retta opp og varmt att. Frode Bertelrud, som har drive eige firma sidan 1996, har oppdrag i heile Valdres – men dei siste vekene er det i Bangskleiva han og arbeidsfolka hans legg ned innsatsen.
På laget har han lærlingen Håkon B. Strøm, som har vore med å bytte både tak og golv, og som handterer blåseisoleringa med sikker hand. Terje Brunstad har òg lagt ned timar i prosjektet, men då sola skein tok han turen til Beitostølen for å montere pipehatt der. Frode sin son Lars stiller opp når det trengst maskinarbeid, men er elles travelt oppteken med jobb hjå Brødrene Dokken A/S.
På heimebane er det kona Ingunn som styrer hus og heim på Garthus – og som Frode sjølv seier: «Ho har som regel siste ordet når arbeid og fritid skal diskuterast.»
Arbeidsmetoden i Bangskleiva er like effektiv som den er miljøvennleg: – Vi suger ut gamal isolasjon som sagflis og anna rusk, pakkar det i sekker og leverer det på miljøstasjonen. Deretter blæs vi inn ny celluloseisolasjon, forklarar Frode.
I tillegg til snekkar- og tømrararbeid tek Bertelrud A/S på seg teikningar, byggesøknader og restaureringar. I Sør-Aurdal, Valdres sin største hyttekommune, er det jamt oppdrag vinterstid – ofte med scooterkøyring for å få utstyr og materialar på plass. – Me likar å gjere ting skikkeleg, og ingen dagar er heilt like når ein driv i Valdres, smiler Frode.
Miljøvennleg isolasjon
Frode har dei siste to åra satsa på blåsing av Isocell celluloseisolasjon, som erstattar gamle materialar som flis, glasvatt og steinull. – Isocell inneheld 90 % resirkulert avispapir og er produsert med grøn energi, fortel han. Materialet har negativt karbonfotavtrykk frå vugge til grav og ein svært låg GWP (Global Warming Potential).
Celluloseisolasjonen kan brukast i ytterveggar, takkonstruksjonar, etasjeskilje og skilleveggar – ja, dei fleste stader der ein treng isolasjon. – Resultatet er betre inneklima og meir energieffektive bygg, seier Frode nøgd.
Med base i Begnadalen, men arbeidsfelt i heile Valdres, har Frode Bertelrud A/S blitt eit trygt og kjent namn for både fastbuande, hytteeigarar og entreprenørar.
Og medan arbeidstimane går unna i Bangskleiva, er praten på byggeplassen også innom Frode si store hobby. Hausten er på veg – og det betyr at harejakta snart er i gang.







