Fagernes byfest var ikkje berre ute i gatene, men også inne i det gamle Onstad-bygget. Der hadde kunstnar Marianne Isachsen sett opp den tankevekkjande og poetiske installasjonen «Så datt ho over ende ei uvêrsnatt».
Bak verket stod ikkje kunstnaren åleine. Elevar frå fjorårets 5. trinn ved Nord-Aurdal barneskole og mellomtrinnet ved Ulnes Montessoriskule hadde fått bidra, noko som gav installasjonen eit særskilt preg med «papirfuglane».
Biletet over: Midt i opplevinga stod Aksel Skaar Ødegård, framfor verket han og klassekameratane hadde vore med å forme.

Hovudmotivet var hardbarka natur: ei furu frå Leira, siste rest av sagnet om Systertjernet, som til slutt gav etter i stormen Hans. No låg ho flat – både ærverdig og sårbar. Gjennom installasjonen levandegjorde Isachsen denne historia: glatt, vridd, slitt – eit symbol på både endeleg stopp og naturkreftenes rå makt.
Også Alice Gudheim, Stian Olsen og Daniel Gimle var medspelarar i prosjektet, støtta av kommunen, Sparebankstiftelsen, Valdresmusea og Den kulturelle skulesekken i Innlandet. Resultatet var ei kjensle av fellesskap og lokal stoltheit som merka seg godt i rommet.
Då kvelden kom, vart «Trykkeriet» scene for Caroline Synvis og Marit Warberg Vestheim, med kvart sitt band. Caroline spelte frå sin ferske utgivelse, inkludert ein smak av låta «En og en».







